I samband med eit kåseri eg heldt, om bryllaupsklede, hadde eg mor mi sin brudekjole på utstilling.
Då bror min sitt barnebarn kom på besøk fekk ho lyst å prøve kjolen til oldemora si, frå 1940. Og den passa perfekt!! Og var nydeleg til henne...
Kjolen er i eit veldig fint, litt mønstra stoff, enkel smal fasong, med vaffelsaum over skuldrane, hemper og knappar heile ryggen ned. Kjøpt i ein brudesalong i Bergen, der mor mi var frisør. Kjolen var brukt berre denne eine gongen, men kven veit, kanskje ein dag i framtida ....??
Bryllaup på slektsgarden i Ese, med mange gjester og dans på låven. |