| Dette er duken som mi kjære svigermor broderte då gutane hennar var små.... fire gutar som på duken! |
| I kvit lin, brodert på femtitalet. Påtegna dukar med tråd kunne bestillast i "Utstyrsmagasinet" |
| Bonden min broderte samstundes litt av dukmotivet på denne brikka, ca 10 år gamal... flink alt då!! |
| Tantearv, på lysgrå lin. Har ikkje lika denne så godt, men den vinn seg... som så mangt anna gamalt! |
| Ei ganske søt kyrkje då -- Kristorn motiv er mest obligatorisk. |
| Dei gamle dukane har ofte ein fin blondeavslutning |
| -og kan gjerne liggja oppi eit grovt trau |
| Fuglane var i ein noko ubestemmeleg utomlandsk rase, så eg laut sy dei om til nordiske dompapar! |
| Då tek eg ferie frå bloggen, Auds Cottages & Paint seier GLEDELEG JOL så treffest vi kan henda att i det nye året!! |