fredag 16. desember 2011

Havrekjeks

I dag vil eg slå eit slag for havrekjeksa, bak dei innimellom alle søtekakene!! Kjempegode slik dei er, attåt ein kopp te.... berre med geitost på,  eller ein annan god ost med ein klatt syltetøy el gelè, mmmm

Så mange vert det å putte i boksen med ein porsjon, lag gjerne dobbel, for dei forsvinn fort!
Deigen er god å bake ut.  Må kjelvast heilt tynne, for dei hevar seg bra.


 Frå den gamlaste oppskriftsboka mi.... godt brukt! I staden for fløyte brukar eg lettmjølk, rør hjortesalt ut i
 den. Steik ved 200 gr C, til dei er lett gyldne.

Dei skitnaste sidene har dei beste oppskriftene....plastra og limt! Ikkje noko stasbok akkurat ....!
Lause lappar her og der. Bak ligg ei av bøkene som Sogn og Fj Bygdekvinnelag gav ut, den 3. Flotte bøker frå Selja Forlag. Eg fekk med ei oppskrift på Spekulasier i den første. Trond-Brita, ei orginal og synsk søster av oldemor mi, laga og selde dei. Lyse småkaker med krydder, favoritten hjå småungane i grenda før...

 Bonden har stor slekt i Midtvesten USA, dei har si eiga kokebok, med bilde frå Sandal på framsida!

Her er mi rømmegraut oppskrift koma med! ikkje så aktuelt i jula hjå oss, men her er også fleire oppskrifter på LEFSA . Den er viktig til alle høgtider her i bygda. Då skal det vera GOMBE attåt, men den får vi ta ein annan gong :o))

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...