torsdag 6. januar 2011

Trettande dag jul

I stabbursmusèumet har eg eit Heilage tre kongars lys som skulle brenne denne dagen, til minne om dei tre kongane som kom frå "Austerland" til Jesusbarnet med gull, røykelse og myrra.
Trettandedagen, eller Heilage tre kongars dag, er ein sokalla "lapradag" frå gamalt, nesten som ein helgedag å rekne, i godt selskap med bl.a Jonsokdag, Kyndelsmesse (2.feb) og Helgamesse (1.nov)

Då vi flytte til Sandal (i førre århundre!) var det vanleg å ha julefest trettandedagskvelden. Så dette er ikkje nokon dag til å jobbe med å hauste jula nei! Den må få vare litt lenger.... Kanskje ikkje heilt til Kyndelsmess, vi får satse på hjelp av han 20.dags Knut!

Ein annan historie som høyrer trettandedag Jul til, er det kjende diktet "Draumkvedet", frå mellomalderen. Det handla om Olav Åsteson som fall i ein djup søvn julekvelden og vakna ikkje att før trettandedagen. Då var det preike og han reid til kyrkja. Der sat han i døra og fortalde om alt han hadde sett i draume. Han var både på havsens botn, på himmelens skyer og "såg inn i heite Helvete og ein deil av Himmelrikje"

Ifjor på denne dagen såg vi elevar frå Firda vidaregåande som hadde dramatisert frå dette diktet, framførd i kyrkja, veldig fint.

Juletreet var ikkje vanleg her i landet før først på 1900 talet


"Det hev ei rosa sprunge... midt i den kalde vinter...."
Julerosa er ein staude som ein kan plante ut til sommaren, og den vil bløme seint på hausten like til snøen dekkar den, så nydeleg!






LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...