Sola seier takk for seg, her på garden, når ho står i skaret mellom brèen og fjellet Vora den 20.november. Her er det vi først ser henne igjen òg, den 25 januar.
Det er lite snø her endå, men isen har lagd seg på vatnet denne veka. (Bonden har alt prøvd skøytene....)
Stilt og fredeleg i utleigehusa no, berre folk i "Håja", der ein nabofamilie held hus for vinteren, medan dei renoverer huset sitt.
I sola ser huset litt meir gult ut enn det er.... men vi er fornøgde både med den nye fargen og påbygga våre!
Både linden som fekk skade i vinter og den store fura har vi teke vekk no, det vart mykje lysare i hagen og i romma innanfor. Kjekt å plante små fine busker, men dei veks og tek fort både lys og næring.....