søndag 14. juni 2015
onsdag 10. juni 2015
Brudekjolen til oldemor...
I samband med eit kåseri eg heldt, om bryllaupsklede, hadde eg mor mi sin brudekjole på utstilling.
Då bror min sitt barnebarn kom på besøk fekk ho lyst å prøve kjolen til oldemora si, frå 1940. Og den passa perfekt!! Og var nydeleg til henne...
Kjolen er i eit veldig fint, litt mønstra stoff, enkel smal fasong, med vaffelsaum over skuldrane, hemper og knappar heile ryggen ned. Kjøpt i ein brudesalong i Bergen, der mor mi var frisør. Kjolen var brukt berre denne eine gongen, men kven veit, kanskje ein dag i framtida ....??
| Bryllaup på slektsgarden i Ese, med mange gjester og dans på låven. |
mandag 8. juni 2015
mandag 1. juni 2015
Sengegavl i Nystova
| Hadde ei gamal seng på låven som eg fekk lyst å bruke til ny sengegavl i eine soverommet i Nystova |
| Både solid vask, kunstnarfarge og lakk måtte til.... og litt monteringshjelp frå bonden. |
søndag 10. mai 2015
Når gamalt vert nytt...
Sidan mitt gamle fløyelsbelte passa til denne "nye" bunaden, måtte eg ha eit anna til den med grønt liv, som eg synte sist. Kjøpte eit fint belte eg kom over på ein bruktbutikk sist sommar. Kr 100 skulle dei ha for det, og det endåtil på Sunnmøre, der dei er forretningsfolk! Glad var eg, og her kom det til sin rett! Så i god gamal bunadtradisjon: ein brukar det ein har og set det ihop på beste måte....
tirsdag 5. mai 2015
MÅNESKINSKVELD
Det er nokre gonger flott å vera ute ein sein kveld...! Ser ut som midtvinters, men vi har mai!! Brèen og Snønipa er framleis heilt snødekte, det har vore kalde neter til no.
Hue og vottar på, men det er ganske lyst klokka halv elleve, det rimar ikkje heilt...
Vatnet har heller ikkje vakse opp noko endå, øya ved elvemunningen er ganske stor.
Må berre nyte stemninga og måneskinsturen!
fredag 1. mai 2015
Nærmar seg Nasjonaldag...
Her er skjorta som eg hadde som 9-10 åring, no skal den i bruk igjen!! Broderiet er utførd av mor mi si tante, den før nemde (mange gonger...); Anna moster, som fekk premiar for handverket sitt. Dette er broderi på tyll, veldig smått og fint.
Skjorta skal truleg nyttast inni ein liten bunad i familien, kjekt at slikt sirkulerar! Kanten på stakken, den sokalla kvardingen, er "designa" av same moster, og vore i bruk sidan som ei familiebord.
Også den gamle dokka, som eg fekk frå tanta mi i Amerika, skal kle seg opp! I hue og belte (-stakk) som mor mi sydde til meg då eg var 1 år...!
Så no vert det spennande å sjå kva for ei av jentene denne passar til! Eg har eit anna prosjekt i arbeid også, det skal bli ein bunad til, ifrå gamle fine delar som eg har samla på, og litt nytt må vel til også kanskje. Følg med på bloggen om du er interessert i slikt stoff....
Dette er sokalla "raudsteinsknappar"i sølv frå 1800 talet, som er brukte som mansjettknappar. Fann dei faktisk beskrivne i Bjørg Hovland si flotte bok: Folkedrakter og bunader frå Sogn.
Abonner på:
Innlegg (Atom)