søndag 10. mai 2015

Når gamalt vert nytt...

Her er det gamle brokadelivet frå Sogn som har lege på kistebotnen i mange år, frå tidleg på 1900 trur eg.  Det har ikkje vore særleg brukt, vart vel ikkje heilt passande til den det var tiltenkt kanskje. Med sylvband og pynt tek det seg riktig bra ut, ikkje sant! Denne skjorta inni var eit misfoster, for smal og med altfor lange armar, men i lin og med fint broderi.  Den  har blitt liggjande mellom andre gamle tekstilar frå slekta, som vi har teke vare på. No hadde eg bruk for ei til jentene, så den fekk seg ei lita fornying, ein hardangersaum stolpe framme og ei sårt tiltrengt ermeforkortning.



Hadde bruk for eit forkle til dette livet, men dei gamle forkleda eg hadde passa så dårleg i fargane. Eit silkesjal derimot... Javel, betre det vert brukt enn det ligg i ei plaggøskje. so då vart det eit forkle. Med litt fløyelsband på òg kanskje..... Ein stakk eg hadde frå min barndom vart for kort, dei veks så fort desse jentene! Men med gode kontakter innan bunadsfaget  har det ordna seg i ein fei med stoff, så no er det berre saumen av den som står att. Og framleis ei heil veke til 17. mai!!

 Sidan mitt gamle fløyelsbelte passa til denne "nye" bunaden, måtte eg ha eit anna til den med grønt liv, som eg synte sist. Kjøpte eit fint belte eg kom over på ein bruktbutikk sist sommar.  Kr 100 skulle dei ha for det, og det endåtil på Sunnmøre, der dei er forretningsfolk! Glad var eg, og her kom det til sin rett! Så i god gamal bunadtradisjon: ein brukar det ein har og set det ihop på beste måte....


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...