Den grønblada og mørkrosa lykkekløveren har eg hatt i mange år, den er etter svigermor mi. Men den andre var ny hjå meg no i vår. Takk til Anne Britt!! Dette er veldig grasiøse og artige blomar. Når hausten kjem visnar dei ned, ein kan setja dei inn i eit skåp heilt til det vårast. Små knollar kan delast i nye potter Lys og vatn... så sprutar dei oppatt! Kan også ha dei ute på ein litt lun plass. |