fredag 26. juni 2015

SANDAL frå lufta

Helikoptertur var det nye tilbodet på Jonsokafta i år!!
Vi var så heldige at vår unge nabo som er pilot i Airlift, arrangerte dette. Han var ikkje store karen då han broderte "AIRLIFT" på ei pute han laga!! Planen var klar...

Eg som elles har litt flyfobi kjende meg ganske trygg! Her ser vi ned til nabogrenda, Myklebust.
Gjennom vindauget vart ikkje bilda heilt klåre, men her er grenda vår med Sandalsfossen i bakkant.

Lonevatnet og utover i bygda
Byrkjelo, dei store bygningane er TINE

søndag 14. juni 2015

Lukke

Den lillablada lykkekløveren starta å bløme no då årets to barnebarn var fødde... !! To friske fine gutar som er søskenbarn, berre ein månad i aldersforskjel. Vi er så takksame for at alt har gått vel med borna og mødrene deira, og veldig flinke fedre har dei og.. Og søstrene er stolte!
Den grønblada og mørkrosa lykkekløveren har eg hatt i mange år, den er etter svigermor mi. Men den andre var ny hjå meg no i vår. Takk til Anne Britt!! Dette er veldig grasiøse og artige blomar. Når hausten kjem visnar dei ned, ein kan setja dei inn i eit skåp heilt til det vårast. Små knollar kan delast i nye potter Lys og vatn... så sprutar dei oppatt! Kan også ha dei ute på ein litt lun plass. 

onsdag 10. juni 2015

Brudekjolen til oldemor...

I samband med eit kåseri eg heldt, om bryllaupsklede, hadde eg mor mi sin brudekjole på utstilling.

       Då  bror min sitt barnebarn kom på besøk fekk ho lyst å prøve kjolen til oldemora si, frå 1940.                                                          Og den passa perfekt!! Og var nydeleg til henne...                                           

Kjolen er i eit veldig fint, litt mønstra stoff, enkel smal fasong, med vaffelsaum over skuldrane, hemper og knappar heile ryggen ned. Kjøpt i ein brudesalong i Bergen, der mor mi var frisør.               Kjolen var brukt berre denne eine gongen, men kven veit, kanskje ein dag i framtida ....??

Bryllaup på slektsgarden i Ese, med mange gjester og dans på låven.

mandag 8. juni 2015

Sesongen er i gong


Første garnnatt i år gav ein halvkilos fisk og fem andre fine!!
Gledar oss til middag i dag!

mandag 1. juni 2015

Sengegavl i Nystova

Hadde ei gamal seng på låven som eg fekk lyst å bruke til ny sengegavl i eine soverommet i Nystova

Både solid vask, kunstnarfarge og lakk måtte til.... og litt monteringshjelp frå bonden.                                                      



søndag 10. mai 2015

Når gamalt vert nytt...

Her er det gamle brokadelivet frå Sogn som har lege på kistebotnen i mange år, frå tidleg på 1900 trur eg.  Det har ikkje vore særleg brukt, vart vel ikkje heilt passande til den det var tiltenkt kanskje. Med sylvband og pynt tek det seg riktig bra ut, ikkje sant! Denne skjorta inni var eit misfoster, for smal og med altfor lange armar, men i lin og med fint broderi.  Den  har blitt liggjande mellom andre gamle tekstilar frå slekta, som vi har teke vare på. No hadde eg bruk for ei til jentene, så den fekk seg ei lita fornying, ein hardangersaum stolpe framme og ei sårt tiltrengt ermeforkortning.



Hadde bruk for eit forkle til dette livet, men dei gamle forkleda eg hadde passa så dårleg i fargane. Eit silkesjal derimot... Javel, betre det vert brukt enn det ligg i ei plaggøskje. so då vart det eit forkle. Med litt fløyelsband på òg kanskje..... Ein stakk eg hadde frå min barndom vart for kort, dei veks så fort desse jentene! Men med gode kontakter innan bunadsfaget  har det ordna seg i ein fei med stoff, så no er det berre saumen av den som står att. Og framleis ei heil veke til 17. mai!!

 Sidan mitt gamle fløyelsbelte passa til denne "nye" bunaden, måtte eg ha eit anna til den med grønt liv, som eg synte sist. Kjøpte eit fint belte eg kom over på ein bruktbutikk sist sommar.  Kr 100 skulle dei ha for det, og det endåtil på Sunnmøre, der dei er forretningsfolk! Glad var eg, og her kom det til sin rett! Så i god gamal bunadtradisjon: ein brukar det ein har og set det ihop på beste måte....


tirsdag 5. mai 2015

MÅNESKINSKVELD

 Det er nokre gonger flott å vera ute ein sein kveld...! Ser ut som midtvinters, men vi har mai!!   Brèen og Snønipa er framleis  heilt snødekte, det har vore kalde neter til no.

 Hue og vottar på, men det er ganske lyst klokka halv elleve, det rimar ikkje heilt...

 Vatnet har heller ikkje vakse opp noko endå, øya ved elvemunningen er ganske stor.


 Må berre nyte stemninga og måneskinsturen!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...