onsdag 15. september 2010

I det gule hjørnet

Denne stolen er frå mine besteforeldre sin husmannsplass. Den var nok trekvit då eg fekk den i min pure ungdom. Men eg var alt då flittig med målarkosten...... No er den ganske sliten og litt fint krakkelert. Storebror snikkerte eit skrivebord til meg og møblar elles laga eg sjølv av fruktkasser. Alt, saman med senga, vart måla i denne ganske friske gulfargen, og eg hugsar at eg var veldig fornøgd med rommet mitt!

Eg har slite litt med å finna ein egna stad til min kjære stol, den har levd eit veldig omflakkande liv sidan den forlet det vesle skrå-rommet mitt, ikkje funne seg skikkeleg til rette nokon stad. Gult er liksom ikkje heilt så kult nett no.....
Men då eg såg etter ein stad for Calamondin (Sitron/appelsin) -treet, løyste saka seg! Og det er blitt slikt eit kjekt lite gult hjørne på glasverandaen. Blomsterpotta der har sin eigen historie...den har eg blogga før eingong!


Med bonden, som er fasinert av glas, fekk eg denne fine flower power vasen til jebbusen, også i gulfargar. Det er designar Maud G Bugge v Hadeland Glasverk som har prøvd seg på den gamle Millefiori teknikken innan glasblåsarkunsten. Millefiori betyr tusen blomster.

Frå før har vi nokre Venezianske glaskuler i Millefiori, som vi kjøpte i Firenze.

Sidan vi er i det gule hjørnet slenger eg like godt på eit par sitroner også, sunt og så godt!!







tirsdag 14. september 2010

Sølvbergsnausta

Sølvbergsnausta er ein nydeleg plass ved Nordfjorden. Visst ein køyrer Panoramavegen og stansar ved butikken på Sølvberg, så går det ein kjempefin tursti ned dit.

Men "Damene på tur" var så heldige å få båtskyss over fjorden frå Utvik.... gode kontakter er bra, takk til dokke som gjorde det mogeleg! Den sjarmerande "Skipparen" var også guide for oss på stien opp til Sølvberg.
Som gamal fjordulk var vel eg den som sette mest pris på den friske turen over fjorden, det var litt bølgjer, herleg!!


Med dei såpass store bygningane i tillegg til nausta har det nok vore eit par små gardar/husmannsplassar der. Så mildt klima, midt mot sola og med dei bratte berga bak, her vart dyrka mykje frukt tidlegare.
Litt lenger ute, ved Galdsnausta, veit eg det vart laga tòg (tau) av lind. Fibrane vart kalla lindebast. På garden vår har vi eit gamalt lindetòg som er kome derifrå.



Vi bevegar oss oppover i det bratte lendet, nydeleg utsikt og varmt. Små frukthagar og utelader var det fleire av. Tross mørke skyer heldt vêret seg opplett.


Vi har jo nokre ganske bra fotomodellar i gruppa...... god turist-reklame for stien til Sølvberg her :o))
Som du ser er stien kjempekoseleg, gjennom varmekjær lauvskog. (Vi kan sjå at guiden vår reklamerer for Eggenipa Opp, supert)



På denne garden, til høgre for dette fine vestlandshuset, kom vi opp, Vi gjekk ein annan sti nedatt, men denne her er nok den lettaste å finne om du går ned frå Panorama vegen.

Det var ein kveldstur dette, og her begynnar det å bli seint og litt mørkt når vi er nede ved fjorden igjen. Å å .... eg tykkjer eg kjenner den gode kjølege sjølukta....! Takk til damene, med god forsterkning!


















søndag 12. september 2010

Sommarblomar

At det finnst så mykje glede og fargar i ei lita pakke blanda sommarblomstfrø!! Kring grønsakhagen lyser dei opp i ei brokut forsamling, fleire av dei hadde eg aldri sett før...
Koseleg å ta inn bukettar av det rike floret ......













onsdag 8. september 2010

Nydelege dagar


Litt blomkarse friskar opp der bløminga er på hell... Her ved stabburstrappa.

Sitjeplassen ved Annestova er utvida mot utsikta til brèen.


Kva med ein kopp te ved Nystova? Det gamle epletreet tek litt av utsynet her, og er vurdert vekkteke, men det blømer så flott om våren....


Slik eller slik.....


Enno er det sommar-turistar her eit par veker, men så vert det rolegare. Vi har ein familie som skal bu i Håja (det gule) heile vinteren, det er koseleg.






mandag 6. september 2010

Indian summer...

Tenk at vi skulle få slike varme vakre dagar igjen! Sitron-isen, som tausa laga i dei uthola sitronene, var klart nr. 1 blant dessert favorittane denne sommaren!

Bonden min er badeglad, og brèvatnet vår er friskt og innbydande! men kaldt....brrr ....ikkje over 10 grader, han er ein hardhaus! Eg må til fjorden, der har det vore brukbart før i sommar. Dessuten opnar bassenget nede i bygda no, der er e g flittigast.
Ein padletur i stille landskap gjev nye krefter...Tausa er glad for å vere heime å få ein tur i kajakken sin.
Når det er mat ved vatnet er korga alltid i bruk, pen og praktisk. Gamalt mønster frå Sogn og Fjordane, sveipa og sydd med bjørkerøter.( Di for 1800 kroner!! Det var dagens gode tilbod....!)





lørdag 4. september 2010

Astruptunet

Astruptunet er heimen til kunstnaren og "gartnaren" Nicolai Astrup på Sandalstrand i Jølster, no musèum. Det er berre vel ein halvtimes køyretur frå oss.
Der er eit vakkert tun med dei fine små husa og plantane som han dyrka. Der var bl. a mange sortar rabarbra som han laga vin av. Pestrota, medisinplante og uvanleg vekstkraftig, var det han som førde inn til området her.






Her er også ein liten kafè, så ein kan få kjøpt vafler og sveler bl.a. I det lokalet kan ein også sjå ein film om Astrup sitt spennande, men korte liv.
Litt lenger oppe ligg galleriet som utvendig er lik fjøset som stod der.
Astrupbilder syner eg ikkje her, ein kan kjøpe kopiar i galleriet. Turen kan anbefalast på det varmaste!




Engel, som Nicolai vart gift med (då ho var svært ung) var ein også ein kunstnar på sitt felt. Under kan du sjå gardiner som ho hadde trykt mønster på.










onsdag 1. september 2010

Hovudhuset er nymåla!

Bonden sin idè med nokre farga glas var ikkje ikkje den verste han har hatt...! Eg tykkjer det vart fint med ein litt "gamaldags-koseleg" glasveranda.
Der er visst nokre småtroll bak vindauget på badet...

Hei, vi er her! Vi står oppå stellebordet! Ja, mamma er her også altså...




Litt graving og ordning står att ved inngongen, det vert haustarbeid.






LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...