fredag 2. juli 2010

"Førs" ein spesiell stad


Der finnst bl.a. ein idyllisk plass, ei lita flate med store nednava almetre... Almeblad og tunne greiner var eit næringsrikt for til husdyra, tørka og gøymt til vinterbruk. Almebork vart også blanda i matmjølet for å dryge det, kalla "barkebrød". Mykje fiber!!

Til " Førs" tek ein av frå E39 der det står eit skilt til Breimsvatn, mellom Skei og Klakegg. Ein smal fin veg fører ned til den vesle grenda som tidlegare høyrde til Breim, no Jølster.

Paulsvatnet ligg nedom garden Paulen, som her speglar seg i vatnet. Namnet er kjent pga den store spelemannen Moses Paulen som budde her. Kring Paulsvatnet går ein merka sti, ein flott liten tur.
Dei store almane er majestetiske og stammane er holete og rare.




Sjå så smart, halve taket er den store steinen!
Fjella er ville og dramatiske, dette gjev ein litt mørk og trolsk stemning i dalen. Fleire stader er urder med "stener så store som domkirker", som Henrik Ibsen skreiv, etter å ha reist på den Trondhjemske Postvei som går her og vidare på Breimsvatnet til Reed.


Der vegen stoppar, heilt nede ved vatnet er laga så fint til med mange bord og benkar i stein. Her fann vi også eit spesialhol til tekanna vår!! Dette var endestaden for båtruta på Breimsvatnet, som no diverre er historie. Her feira eg 50års dagen min, gjester på "chartertur" med båten og måltid her ved steinborda. Eit kjekt minne!
Samstundes med te og natronkaker såg vi på kveldsskiftet til arbeidarane ved kraftverket som vert bygd her. Eit stort prosjekt med veg og røyrgate i same tunellen. Ei kjærkoma inntekt til dei små gardane, og elva vert likevel godt synleg. Landskapet her nede ved vatnet vert halde ope ved geitehald.









Olavstake


Ein liten, for meg ukjend, blome, fekk eg glede av å sjå på ein tur ilag med styret i sogelaget.
Olavstake veks i varm fureskog, opp frå Gloppefjorden. Den lignar ei skogstjerne, men blomen er ikkje så opprett, den bøyer seg litt sjenert... og blada er rundare.

I floraen kan eg sjå at den tilhøyrer vintergrønn- og fjellprydfamilien.

Her vaks den i selskap med skogsfiol.

Eit nydeleg og frodig skogområde med furer og varmekjære lauvtre.

Stor takk til "sørstrandsjentene" for ein fantastisk dag med tur og kjempegod mat på den koselege hytta :o))






tirsdag 29. juni 2010

Reseptionen-- forlengst tatt i bruk!


Svært lita tid til blogging no...
Men her er nokre bilder frå vår nye "gamaldagse kjøkeninngang"!
Velkomen innom!





















søndag 20. juni 2010

Vakker kvit Hortensia


Kva med ein bitteliten turkis kopp sterk kaffi på min glasveranda, no på søndagmorgon?? (Eg er no tedrankar då, men fargen "mædsja", og eg har jo ein kaffi & kake-elskar i huset ...)
Men berre sjekk den vakre hortensia'n som eg fekk! Eit gjestepar, som er blitt stamgjester her, kom innom med denne då dei skulle reise, tusen takk igjen!


Og så passa den perfekt i krukka som var mitt siste impulskjøp på det lokale gartneriet....


Det er fleire nye fargar på dei no, "potensiane", som dei gjerne vert kalla her hjå oss! Grunnen til det er at då størsteguten gjekk på jordbrukskulen var dei litt i gartneriet der, potta om bl.a Potentilla og Hortensia. Det kan lett gå i surr med slike fine namn....! Men den rosa vesle potensiaen som eg fekk den gongen, den finnst for alltid i morshjarta....




tirsdag 15. juni 2010

Fruktblomstring


No blømer aplane ved min barndoms fjord....


Og det gamle Greve Molthe pæretreet


Berre nydeleg med snøen i Bleia, mitt kjære fjell.


Bløming, med min pensel


Kveldsol over Amlabukta







torsdag 3. juni 2010

På tur med "damene"....!

Sandal "frå lufta"! Det er bratt oppi Torheimslia, men nydeleg! Særleg når vi får ein slik godvêrskveld som denne...
Vora tronar i landskapet med sine vel 1400 meter. Snøen syner at vi har hatt ein kjøleg vår. Her er vi komne så høgt at vi skimtar Eggenipa så vidt heilt til høgre!
Eit litt mindre bilde av damene.... fordi dei er så vakre at eg er redd for ein storm av gode tilbod !! (Spøk tilside: kanskje ikkje alle er like begeistra for å "ligge på nettet") Takk til vår spreke og flinke guide!

Og tenk her ser vi, litt innzooma, heilt til Pertunet på Bergheim!! Dette bildet er mest for deg min kjære bonde... (og for eit par andre som sjekkar tante-bloggen...)

Eg har ikkje fått meg hund!! Det er Cesar som gjev meg litt opp.... Her er vi komne opp til det fint restaurerte selet. Og sola er med oss framleis, endå om det lir bra ut på kvelden.

Eit slikt fint steinfjøs er ikkje ofte å sjå lenger... det låg så vakkert oppå ein liten avsats.
Bra det finnst folk som tek vare på slike verdfulle bygg.
Ei lita stemning inne frå selet må eg berre ta med... Sjølv om det var lyse kvelden var det kos med varme i Jøtulen. Damene beundra den fine lampa og alt var så "rett" og koseleg innreda i eit så gamalt sel. I godt lag flyg tida, så det vart seint før vi begav oss nedover lia igjen...
Slike fine kveldar må vi berre nytte og nyte!!








onsdag 2. juni 2010

Ein idyllisk stad....

Vi var på besøk til eit småbruk i bygda, som har lege tilgrodd i mange år. No har nye eigarar tatt over og gjort ein fantastisk jobb med rydding. Store delar av bruket ligg på mura terasser oppover.
Skogfiolen er så vakker.... og mange sortar blomar trivst veldig godt i dei varme bakkane.

I henga ovanfor er det også naturlege terasser, med mange fossefall. Som i ei eventyrverd!


Ville orkidèar var der mange av. Ein ser ikkje så ofte den mørkrosa typen her ikring.


Elva fører med seg ein kvit bergart som vi kan sjå som kvite småstein-strender vidare utover langs vatnet, heilt spesielt.

Dette er eit område med "helle-berg", så steinar for muring var ikkje vanskeleg å finne. Men tenk for eit arbeid nedlagd i alle dei murane! Og jorda tok dei ned frå skogen på ein løypestreng
og la utover terassene. Det var nok lange arbeidsdagar på den vesle garden...

Frukbløminga er i startfasen. Neste søndag er der sogevandring, då vert der nok flott.
Helletrakka kring husa, som nyss er gravd framatt, lyser i kvitt.

På ein liten avsats vaks ein spesiell sort liljer som ikkje eg kjenner. Større enn liljekonvall.

Så idyllisk ved denne fossen, med kulpen under og ei lita grasslette attmed ....

Berga ovanfor er som eit varmemagasin og folka her dyrka tidleg frukt av svært god kvalitet.








LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...