fredag 2. juli 2010

"Førs" ein spesiell stad


Der finnst bl.a. ein idyllisk plass, ei lita flate med store nednava almetre... Almeblad og tunne greiner var eit næringsrikt for til husdyra, tørka og gøymt til vinterbruk. Almebork vart også blanda i matmjølet for å dryge det, kalla "barkebrød". Mykje fiber!!

Til " Førs" tek ein av frå E39 der det står eit skilt til Breimsvatn, mellom Skei og Klakegg. Ein smal fin veg fører ned til den vesle grenda som tidlegare høyrde til Breim, no Jølster.

Paulsvatnet ligg nedom garden Paulen, som her speglar seg i vatnet. Namnet er kjent pga den store spelemannen Moses Paulen som budde her. Kring Paulsvatnet går ein merka sti, ein flott liten tur.
Dei store almane er majestetiske og stammane er holete og rare.




Sjå så smart, halve taket er den store steinen!
Fjella er ville og dramatiske, dette gjev ein litt mørk og trolsk stemning i dalen. Fleire stader er urder med "stener så store som domkirker", som Henrik Ibsen skreiv, etter å ha reist på den Trondhjemske Postvei som går her og vidare på Breimsvatnet til Reed.


Der vegen stoppar, heilt nede ved vatnet er laga så fint til med mange bord og benkar i stein. Her fann vi også eit spesialhol til tekanna vår!! Dette var endestaden for båtruta på Breimsvatnet, som no diverre er historie. Her feira eg 50års dagen min, gjester på "chartertur" med båten og måltid her ved steinborda. Eit kjekt minne!
Samstundes med te og natronkaker såg vi på kveldsskiftet til arbeidarane ved kraftverket som vert bygd her. Eit stort prosjekt med veg og røyrgate i same tunellen. Ei kjærkoma inntekt til dei små gardane, og elva vert likevel godt synleg. Landskapet her nede ved vatnet vert halde ope ved geitehald.









LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...