torsdag 8. juli 2010

Slåttonn på 1-2-3

Så herleg å sjå unggutane nærast leike seg med dei store traktorane og maskinene! Alt var verkeleg ikkje betre før...


Men likevel litt rart for bonden og meg at slåtten kan pågå medan vi tek ettermiddagskaffien....

(Vi held på å målar huset, du ser på verandarekkverket at det er på høge tid!)





Då vi starta opp her på garden først i 70 åra bruka vi mest heile sommaren på å få graset i hus. Inviterte slekt og vener til slåtte- "ferie"! Dei let seg lure og var med å la inn i siloen med gaffel.... og stål i bein og arme! ( eller helst litt verkande armar...) Og vi hesja lange hesjar med leikande småungar kring føtene....

Innkøyring av høyet var jo det kjekkaste for ungane, sitje på lasset og å få hoppe i det mjuke høyet.


På 80 talet bygde vi store siloar og tykte det var ein draum å få slåtten unda på 2-3 veker. Vi trong ikkje vera i siloen å jamne før på sisten, og eg kunne ordne i grønnsakhagen mellom innheisinga av kvart lass. No tek slåttonna høgst to dagar...!


Jau, vi har litt i tillegg, må prøve spenninga med kverving (tørke flatt i varmt vêr) eller hesje pittelitt, berre slik for morro skuld, og for å få litt høy i låven.


Og grønsakhagen..? Nei, den trur eg ikkje eg skal legge ut på bloggen, for å sei det sånn ..... ikkje endå i alle fall!








LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...