torsdag 3. juni 2010

På tur med "damene"....!

Sandal "frå lufta"! Det er bratt oppi Torheimslia, men nydeleg! Særleg når vi får ein slik godvêrskveld som denne...
Vora tronar i landskapet med sine vel 1400 meter. Snøen syner at vi har hatt ein kjøleg vår. Her er vi komne så høgt at vi skimtar Eggenipa så vidt heilt til høgre!
Eit litt mindre bilde av damene.... fordi dei er så vakre at eg er redd for ein storm av gode tilbod !! (Spøk tilside: kanskje ikkje alle er like begeistra for å "ligge på nettet") Takk til vår spreke og flinke guide!

Og tenk her ser vi, litt innzooma, heilt til Pertunet på Bergheim!! Dette bildet er mest for deg min kjære bonde... (og for eit par andre som sjekkar tante-bloggen...)

Eg har ikkje fått meg hund!! Det er Cesar som gjev meg litt opp.... Her er vi komne opp til det fint restaurerte selet. Og sola er med oss framleis, endå om det lir bra ut på kvelden.

Eit slikt fint steinfjøs er ikkje ofte å sjå lenger... det låg så vakkert oppå ein liten avsats.
Bra det finnst folk som tek vare på slike verdfulle bygg.
Ei lita stemning inne frå selet må eg berre ta med... Sjølv om det var lyse kvelden var det kos med varme i Jøtulen. Damene beundra den fine lampa og alt var så "rett" og koseleg innreda i eit så gamalt sel. I godt lag flyg tida, så det vart seint før vi begav oss nedover lia igjen...
Slike fine kveldar må vi berre nytte og nyte!!








LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...