søndag 4. mars 2012

I helleberget

Søndagsturen gjekk til helleberget i Almenningen i dag! Eg elskar furuskogen der, lukta av den, og på våren vert der tidleg bart. Det er berre eit kvarters biltur unda. Bergheim har skogsteigar der, difor har vi vore der mykje. Huset vårt har tømmer derifrå, og utallige bærturar har gått dit.
Området er fullt av kulturminner då her var ein stor industri med kamping av heller til tak, trapper og steinbord. Minner etter den tida finnst her rikeleg av enno.
Ryssdalshorn er det majestetiske fjellet vi ser derifrå.

Små idyllar er her mange av

Steinheller ligg her i dungar, dei ligg godt.... det er for langt og tungt å bere dei derifrå! Tidlegare var her små taubaner og hestane, som var til arbeid i den tida, tok seg fram på bratte stiar.

Utsyn over Breimsvatnet til Reed og Kandal

Ei av dei vesle tømmerhyttene, som arbeidarane sov i, er som eit musèum no




Dei fine rosekoppane uten hank....

Her er mønstrene til lappheller og til dei firkanta takhellene

Mange slike kampebord kan ein sjå.

Redskap til kampinga, alt for hand. Men til å sprenge ut berget vart det nytta dynamitt.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...