onsdag 19. oktober 2011

Puter i mitt hus

Eg har ei god taus som kjem heim med ei heilt uventa gåve iblant...!

Eg er glad i teakmøblementet mitt, men også i sterke fargar! Det kan kombinerast....
 (Duken kjøpte eg forresten på Loppemarkedet til Arbeidskyrkja for den nette sum av kr. 5.- )


Ei gamal koseleg "tantepute" kom fram i dagen att her nyleg....


Denne koselege danske dama såg du kanskje i førre innlegg, og ein stoffrest frå sjeselongtrekket vart ei lita pute som også har plassert seg her i plysjen.


I resepsjonen lever ei lita eksklusiv blå eit heller tilbaketrekt liv, blant vanlege bomullsputer

Den er handvevd, i ein teknikk i dobbeltvev (som eg burde hugse namnet på.....) Skal love deg at den har teke tid å lage, for eg har vevd eit bilde i den teknikken, då eg gjekk på huusflidskule i gamle dage. Fekk denne puta også med ei tante, som ikkje vov, men som var "bemidla" og hadde kjøpt den. Nokon som kjenner dette mønsteret? Tanta var lærar og budde i Selbu, og er forlengst borte frå denne verda. Puta er sikkert kjøpt i Trøndelag ein stad, på Husfliden i Trondheim kanskje.


Men ei vanleg einsfarga stoffpute kan saktens også gjere nytten, for å muntre litt opp i ei krå!!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...