torsdag 20. oktober 2011

Kvit kompardag!!


Det var ei kvit vakker verd vi vakna til i dag...!
Men dei siste blomane i hagen måtte få hjelp til å stå opp stakkars.

Og Astersen som nesten nyleg hadde kome i blom, og floksen blømde faktisk endå...

Findus lika det også dårleg, ta meg opp frå dette kalde kvite...!


Heldigvis hadde eg nyleg plukka inn mange bukettar i høve møtet vårt i Bygdekvinnelaget



Då det tok til å snø seint i gårkveld leita bonden fram salta lammekjøt frå frysen
 og ymta frampå om kompardag... som altså er breimsutrykket for torsdag/raspeballdag,


I Breim var det skilsmissegrunn før i tida visst ikkje gardkjerringa kunne lage kompar...!  Eg hadde verken husmorskule eller så stor innsikt i koking då eg vart bondekone, min bonde var mykje betre på matlaging enn eg..... men kompar var ikkje mellom hans livrettar. Det er først i dei seinare år at vi er blitt glade i denne tradisjonsretten, så ungane våre har diverre ikkje fått oppseding med kompar... 
Eg er for alvor byrja å lage det etter eg vart kjend med "raspeballmjølet", byggmjøl med potet!! Supert og raskt, 10 komparar på 5 min! Salta kjøt kokar ein time, ha bollane oppi og småkok ein time til. Kålrot kokar med dei siste minuttane. Det  m å  vera salta lammekjøt, slik at godlukta breier seg i heimen... Lukke til!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...