" A true tuscany experience on the hill of Florence"...... slik marknads fører dei seg, "bygdeturisme- bedrifta" La Sorgente. Ein nydeleg stad, eit lite gardshotell med kvalitet, som kan anbefalast for opphald (og/eller bryllaup!) i hjartet av Toscana.Fint for ungane å leike på det romslege tunet og for dei minste i barne-bassenget
Her er det handla hjå den lokale kjøpmannen til lunch på bassengkanten
Eit ektepar i femtiåra hadde kjøpt slektsgarden attende, og dreiv det saman med to døtrer. Dei hadde restaurert i fem år før dei opna for to år sidan. Huset var svært smakfullt innreia, store tradisjonsrike rom, ofte med moderne møblar.