torsdag 14. oktober 2010

Gratulerer Chile!!

Chile har vore i fokus desse dramatiske dagane med ein utruleg innsats for å redde ut 33 gruvearbeidarar frå ei samanrasa gruve djupt nede i jorda. Chilenarane har vore eit hardt råka folk som gang på gang har reist seg igjen. Vil dele nokre bilder med deg frå då vi besøkte dette fantastiske landet for nokre år sidan. Over er vi begynnt på nedstigninga til Santiago, etter flytur på 14 timar...puh... og ser Andesfjella som ei kake med kremtoppar på!
Santiago har ein flott moderne bydel men og eit meir fattig område. Elva deler byen og er eit godt merke når ein går seg litt bort i byn (som har 6 mill innbyggarar, og der bonden var god som køyrde leigebil og eg les kart...!) Her var det våren, i oktober.
Etter ei lita veke drog vi ut på landet, for vi skulle i bryllaup der, i vår "norsk-chilenske familie" ! Ekte bondebryllaup på brura sin ættegard. Hermed ei helsing til våre vener og til Chiles stolte folk!
God internasjonal mix, under ein frukost på låven, med presten i midten!



Med brudgom frå Nordfjord og pappa frå Santiago! Nydeleg brud (som no er mamma og bur i Ålesund)


Chilenarane er veldig pene og svært hyggelege folk, og bryllaupet var så kjekt og livat, det vart avslutta med karneval ut på morgonen...!

Desse vart eg kjend med fordi dei prata tysk ( hadde emigrert dit, men lengta og kom heimatt ) Dei laga maten på den lokale Rodeo-arenaen, der vi bryllaupsgjestene fekk middag og spesial oppvisning. Sjå dei flotte typane i tradisjons poncho!



Her er guiden vår på ein fjelltur i Andes, ei oppleving i tynn luft! Aconcagua, nesten 7000 m ser vi midt i bildet, vi var ikkje opp der akkurat...! Vandring i mest 4000 m ved fjellets fot var meir enn nok for oss... Tur i Andes og bade i Stillehavet var ynskja vi fekk oppfyllt, ein flott tur nordover langs kysten hadde vi også.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...