tirsdag 27. april 2010

Lammingstid....!

Eit heilt nyfødd spæl-lam, dei er sååå søte, fine og krølla i ulla, nett som eit slikt Jesuslam som vi fekk bilete av på søndagskulen i gamle dage.....



Etter å ha bruka brun vær i fleire år lukkast det endeleg å få brune sau-lam.....! heile tre stykker har vi fått, forutan nokre svarte. Det er vanskeleg med den viltfargen, begge foreldrene må ha den i genene. Værene våre heiter alltid Elvis, etternamnet kjem frå der vi har kjøpt den. Det var genene til Elvis Skinlo som slo igjennom no endeleg...!

Spælsauene er så flinke, dei er av den opphavelege rasen, ikkje kryssa, så dei har behelde dei viktige eigenskapane med å føde lett og med å passe godt på lamma sine. Det er vanskeleg å lure eit framandt lam innunder ein slik sau, dei veit godt kva som er sine eigne!! Veit du kvifor det heiter "spæl" sau? Spæl er det gamalnorske ordet for ein heilt kort hale, slik denne sauen har. Sauen er hardfør, liten og lett på foten, kliv som ei geit i fjellet. Ulla er spesiell med både mjuk botnull (fin til strikking) og dekkull som er sterk og glansfull ( egnar seg i vevnader) Dei gamle vikingane bruka dekk- ulla til spinning og veving av seglet til skipa sine. Det gjekk med ull frå 400 sauer til eit segl! Segla til vikingeskipa var store og sauene små.

Kjøtet er også spesielt godt, magert, men så smakfullt... nydeleg. At det beitar sauer rundtom er viktigare enn mange trur, dei held ved like kulturlandskapet vårt, så Vestlandet kan få syne seg fram!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...