Sidan mitt gamle fløyelsbelte passa til denne "nye" bunaden, måtte eg ha eit anna til den med grønt liv, som eg synte sist. Kjøpte eit fint belte eg kom over på ein bruktbutikk sist sommar. Kr 100 skulle dei ha for det, og det endåtil på Sunnmøre, der dei er forretningsfolk! Glad var eg, og her kom det til sin rett! Så i god gamal bunadtradisjon: ein brukar det ein har og set det ihop på beste måte....
søndag 10. mai 2015
tirsdag 5. mai 2015
MÅNESKINSKVELD
Det er nokre gonger flott å vera ute ein sein kveld...! Ser ut som midtvinters, men vi har mai!! Brèen og Snønipa er framleis heilt snødekte, det har vore kalde neter til no.
Hue og vottar på, men det er ganske lyst klokka halv elleve, det rimar ikkje heilt...
Vatnet har heller ikkje vakse opp noko endå, øya ved elvemunningen er ganske stor.
Må berre nyte stemninga og måneskinsturen!
fredag 1. mai 2015
Nærmar seg Nasjonaldag...
Her er skjorta som eg hadde som 9-10 åring, no skal den i bruk igjen!! Broderiet er utførd av mor mi si tante, den før nemde (mange gonger...); Anna moster, som fekk premiar for handverket sitt. Dette er broderi på tyll, veldig smått og fint.
Skjorta skal truleg nyttast inni ein liten bunad i familien, kjekt at slikt sirkulerar! Kanten på stakken, den sokalla kvardingen, er "designa" av same moster, og vore i bruk sidan som ei familiebord.
Også den gamle dokka, som eg fekk frå tanta mi i Amerika, skal kle seg opp! I hue og belte (-stakk) som mor mi sydde til meg då eg var 1 år...!
Så no vert det spennande å sjå kva for ei av jentene denne passar til! Eg har eit anna prosjekt i arbeid også, det skal bli ein bunad til, ifrå gamle fine delar som eg har samla på, og litt nytt må vel til også kanskje. Følg med på bloggen om du er interessert i slikt stoff....
Dette er sokalla "raudsteinsknappar"i sølv frå 1800 talet, som er brukte som mansjettknappar. Fann dei faktisk beskrivne i Bjørg Hovland si flotte bok: Folkedrakter og bunader frå Sogn.
lørdag 25. april 2015
Vår??? tja...
| Kanskje ei vel optimistisk planting.... ? (Nettingen ligg over for at ikkje kattane skal grave opp knollane, og hjelper neppe mot kulden! |
tirsdag 24. mars 2015
Bakstekjellaren er klar....
tirsdag 17. mars 2015
Vår i dalen
Kring husa er det bart no, men nedom lada, der det har rasa frå taket, er det snødungar framleis.
Bonden sagar ved
Solbærtrea har fått litt frisering i dag, det var nydeleg å vera ute, 11 varmegrader på ettermiddagen.
Dei første vårblomane dukka opp med det same snøteppet smelta, heilt fritt for tele i år.
Bonden sagar ved
Solbærtrea har fått litt frisering i dag, det var nydeleg å vera ute, 11 varmegrader på ettermiddagen.
Dei første vårblomane dukka opp med det same snøteppet smelta, heilt fritt for tele i år.
| Ein gul liten stemorsblomst stod også klar under snøen! |
| Snøklokkene er komne godt i gong, og krokusen er så vidt begynnt. |
| Isen på vatnet har komen mest ut til naustet vårt, med litt regn eller vind forsvinn den snart. |
lørdag 14. mars 2015
60-tals stova restaurert
| FERDIG!! Då vi først måtte legge nytt golv pga vasskade, måla vi veggane og skifta eine glaset. |
| Litt ommøblering vart det og, men dei viktigaste tinga er på plass igjen :) |
| Hårtørka frå mi mor sin frisørsalong virkar fint, så her kan ein berre få hårrullane på plass og kose seg med eit vekeblad, for exmpl Alle Kvinner frå 60 talet!! |
| Med perleband og stiva undersjørt, då er ein kledd! |
| Colakjølaren vart funnen ved vegen i ei storbossinnsamling, no med billakk og ny logo. |
| Her skal bli kaffi og konfekt.... og sikkert ein Elvis låt! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)