mandag 8. september 2014

STØYLSDAG 7.SEPT

Sandal Krins byd inn til Støylsdag

Det er stas å få vera med på traktor-safari opp dei bratte bakkane!!
Her var to ekstra spente som aldri hadde vore på Sandalstøylen før....

Og nokon fekk reisa i lenestol på 1.klasse!!


"Hølkje" til å bere mjølk på ryggen, det tek 23 liter
Super spekekjøt, veldig kortreist!!

Rømmegrauten smaka fortreffeleg på stølsvollen!


Dei flinke som "styrte med det". Heldige vi som har eit så dugande krinsstyre  :))

                                                    Ingebjørg fortel om historia til Sandalstøylen og støylslivet før.                                         "Og alle var samde om at det hadde vore ein flott dag!"

onsdag 13. august 2014

Ved Panoramavegen

Tidleg i sommar, før turistsesongen tok skikkeleg til, hadde vi nokre kjekke småturar. Å køyre Panoramavegen frå Lote til  Stryn er av dei koselegaste turane i Nordfjord! Her på kaia i Hopland må vi alltid ha ein stopp.  Å køyre liten open bil er så klart eit pluss på denne vegen!! Ned til Hopland er bratt og svært vakkert.....!
Den gamle skipsekspedisjonen og butikken er no restaurert til bustad/feriehus, det er blitt riktig så fint, sjølv om vi saknar den koselege butikken, der ein også kunne få ein kaffikopp.  Men ein kan ikkje drive butikk berre som hobby, det vart for lite sal. 4H klubben har kafe og handverksutsal i grendahuset (fruktlageret?) like ved, men dette var i juni og dei hadde ikkje starta opp endå.
Litt lenger inne, ved Sagedammen er også eit must å stanse. Her er eit nydeleg område, bygd  opp av dei driftige folka på Nordsida.  Her er m.a. eit historisk sagbruk som er heilt komplett.


Her er det fint å ha piknic, her er grillar og tilogmed ein bakaromn, som det sikkert går å nytte etter avtale.  No nyleg var her oppsett eit sogespel, som vi gjerne skulle ha sett!! Men høyrde på radioen at det var godt besøkt og svært vellukka. So kjekt.
Heile Nordfjorden er laga til som ein leikedam, med skilt og namn på dei ymse bygdane langs med fjorden. Her ligg båtar i kassa der til venstre i bildet, klare til å leike med, med snor og kjepp og det heile. Vi hadde ikkje ungar med denne gongen, så båtane fekk kvile. Men vi noterte at det alt var kome bru der i Indre! (Bak den vesle buska) Vi Glopparane hadde nok lyst å flytte den utover, men vi greide heldigvis å lata det vere...!!! Høflege som vi då er...


lørdag 21. juni 2014

21.juni 1969

 Gjet om det var ein som hadde vore ute og plukka prestekragar til meg i dagtidleg.....!!
45 år med verdens beste og snillaste mann, so heldig er eg!!

 Kruna og pynten kjøpte oldefaren min i Bergen, då han var der med jekta si og fekk premie for den fine frukta frå Sogn. Eldste sonen skulle gifta seg når han kom heimatt. Men det vart ikkje bryllaup, for då faren kom heim hadde sonen døydd i blindtarmbetennelse. Han hadde bede bror sin å ta seg av kjærasten hans, og det gjorde han so bra at dei vart gifte sommaren etter.....!!


                                  Kjelvet har nok ikkje blitt mykje nytta til dette bruk....!                                                      Verken brudgommen, eller min forlovar og gode barndomsvennine, ser ut til å late seg skremme noko særleg av denne nybakte bondekona...
Eit bilde frå den kortreiste bryllaupsturen, ei overnatting på Eggestøylen! Hesten var no snill ...

Limusin service heim frå mjølkeplassen i beitet...

Denne kjekke familien kom eg til!

torsdag 12. juni 2014

Akeleie bløming

Akeleier er av dei vakraste blomane eg veit...!
 
Då eg var lita jente elska eg å leite etter akeleiene i området ved Sogn folkemuseum, i Amla der musèet låg før. Dei ettertrakta blomane hadde forvilla seg frå den gamle prestegardshagen.

Det var som å leite etter gull..... og så spennande å sjå kva slags fargar vi kunne finne.

Akeleiene kryssar seg villeg med kvarandre, så nye fargar kan oppstå

Stor var mi glede og overrasking då hagen på garden vi overtok var full av desse blomane!

Denne mørke varianten ser ein ikkje så ofte
Sidan her ikkje hadde budd folk på 20 år var det ei anna plante som også  treivst her, nemlig skvalderkålen.... Vi grov opp og flytta alle akeleiene og greide faktisk å få vekk skvalderkålen,
I år kom akeleiene i blomst over 2 veker før tida, og det har vore så varmt at bløminga alt er begynnt å avta. Nesten så eg kunne ynskje meg litt kjøleg vêr ei tid, så det vara lenger....

Dette er ein nydeleg variant, med dobbel blom. Er dei ikkje herlege vel.....!!

søndag 8. juni 2014

GOD PINSE

Vi er på støylen, og har fått opp flagget på 1. pinsedag 2014, og det er 22 varmegrader :)
Den vesle elva som renn forbi har alltid vore kjekk å leike i....
Minste tausa er klar for ein middagslur i selet, deilig med smokken og kosen...
Morfar måtte jobbe litt ved stor-elva og vi jentene føretok litt utgravingar ved det som skal bli det nye selet, ein heil "terasse" låg omtrent klar under torva....! Stor og gledeleg overraskelse....!! Men elles feira vi pinse med god mat og bading i dammen. men det er det ikkje bilde av denne gongen! Då vi skulle heimatt vart det litt kjølegare og så kom endeleg regnet som vi har venta på.                     

lørdag 31. mai 2014

Apalen blømer

Å du vesle kjære apalen vår, som har sådd seg sjølv..... aldri har du vore så vakker som i år!!!!
Du angar so fantastisk at eg drøymer meg vekk til mi barndoms fruktbygd ved Fjorden...




onsdag 21. mai 2014

17. mai 2014

              Ein varm og fin nasjonaldag hadde vi på Årvoll, i godt selskap med vener og familie

      Etter ein kulinarisk spleise-middag, slo Vikatausene t med nydelege små Pavlova`er... mmm..

                                     Tusen takk for den fine dagen seier morfar og mormor :))

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...