torsdag 12. juni 2014

Akeleie bløming

Akeleier er av dei vakraste blomane eg veit...!
 
Då eg var lita jente elska eg å leite etter akeleiene i området ved Sogn folkemuseum, i Amla der musèet låg før. Dei ettertrakta blomane hadde forvilla seg frå den gamle prestegardshagen.

Det var som å leite etter gull..... og så spennande å sjå kva slags fargar vi kunne finne.

Akeleiene kryssar seg villeg med kvarandre, så nye fargar kan oppstå

Stor var mi glede og overrasking då hagen på garden vi overtok var full av desse blomane!

Denne mørke varianten ser ein ikkje så ofte
Sidan her ikkje hadde budd folk på 20 år var det ei anna plante som også  treivst her, nemlig skvalderkålen.... Vi grov opp og flytta alle akeleiene og greide faktisk å få vekk skvalderkålen,
I år kom akeleiene i blomst over 2 veker før tida, og det har vore så varmt at bløminga alt er begynnt å avta. Nesten så eg kunne ynskje meg litt kjøleg vêr ei tid, så det vara lenger....

Dette er ein nydeleg variant, med dobbel blom. Er dei ikkje herlege vel.....!!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...