fredag 7. mai 2010

SNØNIPA ein tidleg morgon

I dag kjem eit gamalt innlegg, men utsikta er den same...!!!

Trur ikkje mange har eit slikt utsyn frå si seng....! Vakna litt før seks i dag, slik såg det ut då eg snøgt gnei søvnen ut or augo.... friskt i eit par kuldegrader, men så nydeleg med sola nettopp komen på Snønipa, eg måtte berre hente kameraet. Fekk nokre bra bilder, har prøvd dette morgonmotivet før utan å lukkast heilt med lyset. Men i dag: jippi! Ein liten månesigd hang faktisk også over fjellet, men er ikkje godt synleg på dette bildet ettersom han gøymer seg litt i furua.
Min kjære bonde vakna og lurte på kva eg dreiv med, så ville han låne apparatet og laga eit bilde av meg ved vindauget, han er jo betre til å ta bilde enn eg, så det vart bra... såg faktisk nesten slank ut i morgonlyset! Men ikkje sømeleg å leggja det ut her nei!!
Eg vart kald og det var deilig å varme seg med han under den store gode dyna vår, og nyte synet av sola som erobra brèen meir og meir.
Sterkt innzzzoma her, mest som eit vakkert måleri. (Har nok ikkje fått den så fin med pensel nokon gong nei..) Snønipa ligg der alltid så lokkande... skal tru om eg kjem meg dit ein gong til? Ho er nok eit utfordrande turmål, vel 1800 moh, høgaste toppen på Myklebustbrèen. Men svært mange besøker henne, både om våren på ski og sumarstid til beins.
I dag vert det ialle fall ein nydeleg dag, og det er så bra at det er nok av ute-arbeidsoppgåver på garden no!
Kan ikkje sitje her i go`vêret og tulle med bloggen lenger.......! Må kome meg ut!

søndag 2. mai 2010

Søndagstur med den "lille røde"

I dag var det duka for andre turen i år med bonden og hans "lille røde". (Triumph TR3. Anno 1956)
Førre tur var 2.påskedag, då var det faktisk ein god del varmare enn i dag.... Men ein må jo berre kle seg godt, då er det heilt topp å køyre opent.
Turen gjekk som så ofte før, til fjorden, nei ikkje til Fjorden med stor F, men til den næraste og ein god nr to, Nordfjorden. Komne over fjellet forsvann sola, men det var så herleg med sjølufta! Og der ved fjorden var det litt lenger kome enn hjå oss, bjørka hadde fått "museøyre".



"Museøyre" på bjørka, eit gamalt tegn for at ein kan begynne å fiske! På vatnet heime har isen endeleg byrja å bryte opp, den treng berre litt vind for å få fart på seg no.



Den tradisjonsrike Breimstafetten går av stabelen i dag....

Og her er mitt bidrag...! Heilt utan svettelukt! Her var patinering påførd og fatet snart ferdig for levering. Skal tru kva slag stafettlag som vinn defileringsprisen i år?? Nei, defilering skal ein ikkje ta lettvindt på! (Med mindre ein ikkje kan fordra Aud sin måling....)

Hjartemotivet går igjen hjå meg, eit gamalt symbol som gjev vern og lukke. Målarstilen er frå Viksdalen, Sogn & Fj. "Fatigmannsroser" vart dette kalla austanfor, der dei sverga til, etter mi meining......den noko glorete telemarksmålinga.


Litt meir måling i same slengen, ein ølbolle i "nordfjordsk stil" , til eit heilt anna bruk....!



Og så berre noko tullemåling.... Desse gamle 70 tals lampene vart jamen litt muntrare!




fredag 30. april 2010

Sol og bløming og ei humle på jobb...

Vi beskar epletreet vårt i dag, ja i hagen har vi berre eit! Det har faktisk sådd seg sjølv, så det er veldig hardført og ein heilt eigen sort.... "Reia-eple" etter tun namnet vårt (Reia-tunet, frå namnet Reiel). Vi et mykje eple bonden og eg, kjøper mengder av Gravenstein ved Gloppefjorden. Vi tek eit eple kvar gong vi går forbi lageret i kjellaren... Epleskrotten vert kasta i næraste bed, og der har ein kjerne slått rot. Treet trivst så godt, men har vakse seg noko skeivt, så no måtte saga fram! Det vart ikkje særleg pent etter skjeringa, så det blei slett ikkje fotografert...Eg prøvde samstundes eit lite eksperiment, å poda inn nokre kvister frå eit gamalt Transparante, ( verdens beste sommareple) som vi har oppi beitet, vi får no sjå korleis d e t går.

Det vart derimot litt tid til å foreviga krokusen før den blømer av! Den har stått lenge i år, sidan det har vore så kjøleg. Og jamen kom det ikkje ei lita, lubba og arbeidsam humlekone forbi i sin travle arbeidsdag!













Eit loppefunn...!

Sjå slik eit herleg funn vi gjorde! Og det passa perfekt i vårt 60 tals kjøken....
No er det tidleg morgon, men sola skin alt og det vert ein fin dag for å jobbe ute.

60 tals lampe

Ei stileg lampe som bonden vart sååå glad for! Av dei med ekte plastband-skjerm...! Ei veninne hadde den i skåpet etter gamlefolket på garden. Den såg heilt ubrukt ut, og det var den gjerne òg, for den hadde tydelegvis slutta å virka. Men når han som ikkje har ti tommeltottar fekk skrudd litt på den, så vart det lys!!!


onsdag 28. april 2010

Tilbake til 50/ 60 talet...!




Her er det berre stemma til Elvis med "love me tender" som manglar......! Her i jukebox-stova har eg og bonden min samla ein del saker og ting frå eigen ungdom, her kan vi mimre litt og gjerne ta oss "ein flat ein" på laurdagskvelden. Men ungdomane våre trivst her også, spesielt oskefisen då, som er begeistra for denne tidsepoken. Som tiåring sukka han: Å eg skulle ynskje eg levde på 50talet! Men det var nok helst dei flotte amerikanske bilane han tenkte på då....






LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...