fredag 26. mars 2010

God påske!!



No er hytter og hus klar for påskegjester! Vi gledar oss spesielt til å få småtausene på besøk. Vi skal leike og kose oss masse.

lørdag 20. mars 2010

Ein merkedag!

Tenk i dag, etter ein månad med forsiktig blogging, har eg fått min første offisielle følgjar!!!! Eg vart så glad, takk at du gad å registrere deg! Fleire har sagt at dei følgjer meg, men det er no så styr med den registreringen...
Så no må eg verkeleg skjerpe meg....!

Det er så herleg at det er blitt mildvêr no. Klart litt syt med rasfarlege vegar, men det er vel snart nedkome det meste som låg laust. Borte i Vora kom det eit kjempebreitt snøras her hin dagen, eg fann sjølvsagt ikkje fotoapparatet i tide, nesten halve fjellet innover kom i ein gong, eit flott syn! Håpar det ikkje var hjortar eller andre dyr nedanfor der.... Nei, folk er det ikkje bortom vatnet.

De påskegjestene kan ta det heilt med ro, no er det fullt med vatn i bekken igjen! Så i hyttene kan det både dusjast og vaskast kle og alt!! Her i huset er det sikkert lenge til dei frosne røra tinar oppigjen, men vi tek til å bli vane med "campinglivet" no, eg er begynnt å bere vasskanna på hovudet....! slik vi ser det frå andre land, så no vert eg skikkeleg bratt i nakken! Tenkjer på dei mange i verden som kanskje må gå fleire timar etter vatn.... vi bur trass alt på ei veldig gunstig breddegrad!
God helg! helsing her ifrå mi krå i verda.

fredag 19. mars 2010

Nostalgi

014

Er visst i det nostalgiske hjørnet i dag!! Syner hermed eit lite “still leben” frå heimen. Den handmåla søte rose- bollen var gåve frå mine nabodamer til min 40 års dag…… og muggane er mykje eldre!! Eg er veldig svak for romantisk gamalt porselen…


Vaske hytter eller måle kaketine var det visst eg skulle gjere på no, men….. skulle nett sjekke e post og legge inn nokre bilder på PCen først, og så havna eg brått opp her på bloggen istaden…! Får jobbe lengre i kveld, ikkje anna å gjere med det!

Meir nostalgi

017

Barndomsminne frå 50 talet…… stolen var laga av storebror, som julegåve, og dokka høyrde til den fine kremfarga Grepa dokkevogna med kalesje, som var gåve frå besten…… Ei slik vogn ville eg gje litt for å få tak i no!

Ny og gamal….

004

Den slanke dama kjøpte vi i Chile i 07, slike “ black ladies” var svært populære då denne radioen hadde si velmaktstid!

Ellisiv sin vinterbukett


013


Den må vel bytast ut i noko freschare no når det vårast…….!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...