Etter ein varm dag, med 25 +grader, var det fint med ein skogstur for å sjekke gjerde og led
Sola var i ferd med å gå ned, ca kl 20,30 då vi gjekk oppover i beitet
onsdag 11. mai 2016
mandag 25. april 2016
Folkedrakt
I ei "plaggøsje" som eg nyleg arva frå mi tante, fannst desse skattane frå mi grandtante....!! Ho var frå Målsnes ved Balestrand, var flink å ta vare på gamalt handverk, så dette er nok derifrå.
Dette bringeduken høyrer til Sognebunaden frå gamalt, og er i slekt med kvarden som eg har nede på min stakk. Denne er så fin og lite sliten, så eg vil ordne den til for å bruke den. Bringeduk høyrer ofte til på dei rekonstruerte Songnedraktene. Dette gamle, noko slitne brokadelivet var også i øsja.
Er litt usikker om dette er dåpsluer eller vanlege luer med pynt. Pynten finn vi att på bunaden, så dei høyrer i alle fall heime i Sogn. Kant av fløyel, elles ull.
Dette bringeduken høyrer til Sognebunaden frå gamalt, og er i slekt med kvarden som eg har nede på min stakk. Denne er så fin og lite sliten, så eg vil ordne den til for å bruke den. Bringeduk høyrer ofte til på dei rekonstruerte Songnedraktene. Dette gamle, noko slitne brokadelivet var også i øsja.
Perler på bringeduken har også vore brukt, desse to er heilt fine og skal nok bli brukte av småjentene i familien om ikkje så lenge... Barneluene er nok dåpsluer, slike fargerike luer gjekk vekk då dei kvite dåpskjolane kom i bruk på 1900 talet. Raudt var den fargen som best kunne verne mot alt vondt.... Skulle gjerne visst at dette fannst i slekta då mine born/ barnebarn vart døypte!! Fargerik dåpspynt sydde eg til dei yngste barnebarna (sjå annan stad på bloggen) til å ha attåt kvit kjole.
onsdag 24. februar 2016
Gamle dokker
Anna sine selloloydarmar var så sprø at ein gjekk av, og ho måtte bandasjerast på "Hospitalet"
| Men Kjellaug får seg Sognebunad! Stoffet til livet er ein liten brokaderest etter bunaden til ho som eigde dokka!! Og borden på forkledet er tyllbroderi frå grandtante Anna sine handarbeid... |
| På Anna hadde ein del av sageflisen inni runne ut, så ho var blitt veldig tynn stakkar. Her får ho litt spenstig fyllmasse inn under huda, og vert mykje meir frodig! |
| Nokre sting fekk ho i magen, men sjå ho tek det tappert! |
| Beina hadde og misst litt innhald og var modne for ei restaurering. Så fekk ho blonder på underbuksa, og dei er hekla av grandtanta sjølv... |
| Sjå den!! Fin ho også, sant?? |
fredag 19. februar 2016
60 tals
| Vi har fått to "nye" gamle stolar...! |
| Dei passar perfekt inn i vårt kjøken frå 1969, som forresten har fått att sin første lysegrøne farge..... etter å ha hatt diverse blåfargar opp gjennom tida! |
tirsdag 19. januar 2016
Alltid vemodig...
| Bilen kom frå julemarkedet i Lübeck, ei dame på tur dit visste at bonden lika både gamle bilar og glaskuler...!! No har den vore på treet to gonger og er blitt pakka ned i silkepapir den også.... |
torsdag 7. januar 2016
Besøk gjerne Live`s Kafè
| Vertinna ynskjer velkommen!! |
| "Dagens rett" |
| Kjøkenet har godt ry, og er, som du ser, velutstyrt |
| Ekstra tilbod for små gjester, dei modige av dei...! |
| Mattilsynet har godkjent.... |
| Veldig kortreist is til dessert. Denne kafèen kan anbefalast, her er kjempegod service *** |
lørdag 5. desember 2015
BAKEDAG
| Julelefsene må bakast! Sosialt å vera to bakstrekjerringar, både lefsene og praten går unda...!! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)