|
Julelefsene må bakast! Sosialt å vera to bakstrekjerringar, både lefsene og praten går unda...!! |
|
I Nordfjord er det tradisjon med lefser attåt fiskemiddagen, det var ikkje eg van med frå Sogn. Men det er svært godt med fiskekling! Den inneheld potet og kan også brukast til anna fyll. Vi har fått fiskelefsene klar i posar for frysing. Her er kakelefsene klare for smørjing. Vi blandar rømme, melis og smør, det vert luftig med ein tur i matmølla. Bra runde og fine desse lefsene, sant? Så er det klart for smaksprøve, mmm, veldig gode!! |
Så vart det ein runde med flatbrød dagen etter. Desse vart smakfulle, med havregryn, finmalt rug og grov kveite. Og den gamle flatbrødboksen vart stappande full...! Eit godt byte til søtekakene...