fredag 1. mai 2015

Nærmar seg Nasjonaldag...

 Her er skjorta som eg hadde som 9-10 åring, no skal den i bruk igjen!!  Broderiet er utførd av mor mi si tante, den før nemde (mange gonger...); Anna moster, som fekk premiar for handverket sitt. Dette er broderi på tyll, veldig smått og fint.
 Skjorta skal truleg nyttast inni ein liten bunad i familien, kjekt at slikt sirkulerar! Kanten på stakken,  den sokalla kvardingen, er "designa" av same moster, og vore i bruk sidan som ei familiebord.
 Også den gamle dokka, som eg fekk frå tanta mi i Amerika, skal kle seg opp! I hue og belte (-stakk) som mor mi sydde til meg då eg var 1 år...!
 Så no vert det spennande å sjå kva for ei av jentene denne passar til! Eg har eit anna prosjekt i arbeid også, det skal bli ein bunad til, ifrå gamle fine delar som eg har samla på, og litt nytt må vel til også kanskje. Følg med på bloggen om du er interessert i slikt stoff....

Dette er sokalla "raudsteinsknappar"i sølv frå 1800 talet, som er brukte som mansjettknappar. Fann dei faktisk beskrivne i Bjørg Hovland si flotte bok: Folkedrakter og bunader frå Sogn.


lørdag 25. april 2015

Vår??? tja...




Kanskje ei vel optimistisk planting.... (Nettingen ligg over for at ikkje kattane skal grave opp knollane, og hjelper neppe mot kulden!


tirsdag 24. mars 2015

Bakstekjellaren er klar....

So er bakstekjellaren ikkje lagerplass lenger.... den var fyllt opp av sakene som vi måtte rydde ut frå 60 talsstova. Så her kan det bakast igjen!! Førebels har det blitt berre sveler og natronkaker, men vi har ein plan om å bake flatbrød og fiskelefser med det første... Spørst om det vert tid denne veka, no er det litt påskeførebuingar, og anna brød- og kakebakst som må gjerast.

tirsdag 17. mars 2015

Vår i dalen

       Kring husa er det bart no, men nedom lada, der det har rasa frå taket, er det snødungar framleis.
                                                                        Bonden sagar ved

    Solbærtrea har fått litt frisering i dag, det var nydeleg å vera ute, 11 varmegrader på ettermiddagen.
                 Dei første vårblomane dukka opp med det same snøteppet smelta, heilt fritt for tele i år.

Ein gul liten stemorsblomst stod også klar under snøen!
Snøklokkene er komne godt i gong, og krokusen er så vidt begynnt.

Isen på vatnet har komen mest ut til naustet vårt, med litt regn eller vind forsvinn den snart.

lørdag 14. mars 2015

60-tals stova restaurert

FERDIG!! Då vi først måtte legge nytt golv pga vasskade, måla vi veggane og skifta eine glaset.
Litt ommøblering vart det og, men dei viktigaste tinga er på plass igjen :)
Hårtørka frå mi mor sin frisørsalong virkar fint, så her kan ein berre få hårrullane på plass og kose seg med eit vekeblad, for exmpl Alle Kvinner frå 60 talet!!
Med perleband og stiva undersjørt, då er ein kledd!
Colakjølaren vart funnen ved vegen i ei storbossinnsamling, no med billakk og ny logo.
Her skal bli kaffi og konfekt....  og sikkert ein Elvis låt!

tirsdag 10. mars 2015

Meir møbeltrekking

To små "tantestolar" frå 60 talet, slitne og sjabby, fekk nytt liv. Bonden er gira på omtrekking! Når jukebox-stova vert ny, må stolane stå i stil, turkis er den nye fargen der, saman med teak og raudt.                                                   Det skal bli bra trur vi, følg med, følg med!

Ein liten fotskammel kom med i dragsuget...


torsdag 5. mars 2015

Møbeltapetisering

Vi har hatt eit prosjekt gåande i det siste.... eit felles prosjekt, bonden og eg! Stolen som onkel og "Snikkar Anders`n" har laga har endeleg fått farge og stoff. Bonden gjekk på tapetiseringskurs ein gong og har trekt om diverse møblar sidan det.
Eg har trødd til med målinga, samt sying av pyntesnorer, slik eg eingong lærde i far min sin verkstad, og som den sjølvsikre Enok i "Anno" seier: Dette kan eg!!


Tverrgåande fjører i sete og rygg frå ein kassert lenestol, og skum av god kvalitet, så vart det bra.

Handalag og godt verktøy attåt! "Blyanten" har magnet i enden og held stiften på plass mens ein bankar.




Med pyntesnorer framme og pynteknappar bak,  vart det nesten profft...!

Ferdig med vårt "Mesterstykke"! og stolen er kjempegod å sitje i!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...