lørdag 14. mars 2015

60-tals stova restaurert

FERDIG!! Då vi først måtte legge nytt golv pga vasskade, måla vi veggane og skifta eine glaset.
Litt ommøblering vart det og, men dei viktigaste tinga er på plass igjen :)
Hårtørka frå mi mor sin frisørsalong virkar fint, så her kan ein berre få hårrullane på plass og kose seg med eit vekeblad, for exmpl Alle Kvinner frå 60 talet!!
Med perleband og stiva undersjørt, då er ein kledd!
Colakjølaren vart funnen ved vegen i ei storbossinnsamling, no med billakk og ny logo.
Her skal bli kaffi og konfekt....  og sikkert ein Elvis låt!

tirsdag 10. mars 2015

Meir møbeltrekking

To små "tantestolar" frå 60 talet, slitne og sjabby, fekk nytt liv. Bonden er gira på omtrekking! Når jukebox-stova vert ny, må stolane stå i stil, turkis er den nye fargen der, saman med teak og raudt.                                                   Det skal bli bra trur vi, følg med, følg med!

Ein liten fotskammel kom med i dragsuget...


torsdag 5. mars 2015

Møbeltapetisering

Vi har hatt eit prosjekt gåande i det siste.... eit felles prosjekt, bonden og eg! Stolen som onkel og "Snikkar Anders`n" har laga har endeleg fått farge og stoff. Bonden gjekk på tapetiseringskurs ein gong og har trekt om diverse møblar sidan det.
Eg har trødd til med målinga, samt sying av pyntesnorer, slik eg eingong lærde i far min sin verkstad, og som den sjølvsikre Enok i "Anno" seier: Dette kan eg!!


Tverrgåande fjører i sete og rygg frå ein kassert lenestol, og skum av god kvalitet, så vart det bra.

Handalag og godt verktøy attåt! "Blyanten" har magnet i enden og held stiften på plass mens ein bankar.




Med pyntesnorer framme og pynteknappar bak,  vart det nesten profft...!

Ferdig med vårt "Mesterstykke"! og stolen er kjempegod å sitje i!


mandag 9. februar 2015

Ein snev av stormen OLE

 Traktoren hadde fått stopp midt på tunet. Medan vi venta på ny startbrytar kom OLE med vind og meir snø..... og vi som hadde nok av det slaget....!!
Den "nye " traktor veslebroren måtte få kjettingar på og ut for å jobbe med snøen. Tunet og vegen til gjestehusa må vera køyrande, så det var inga bøn.
 Men desse to veteranane jobbar godt ilag, så det gjekk fint!
Litt skilnad på storleiken då, på ein ny traktor og den frå 1964!
 Sjå snøen har blese heilt inn i leikestova!
 Skikkeleg vinterleg var her dei siste dagane, men i dag har vi faktisk fått varmegrader....

søndag 25. januar 2015

Nydeleg søndagsmorgon

Før det vart heilt lyst i dag, var det eit rosa skin ute, og himmelen var blå-turkis....
Litt nysnø fekk vi i går, så det var berre nydeleg...!
 Partylysa som bonden fekk til jebusen i oktober, har lyst opp epletreet sidan, og skal lyse vidare...
I dag føremiddag ventar vi sola, men inni dalen er det litt skya no etter frokost, så det er litt uvisst....

tirsdag 20. januar 2015

Godvêr og nok snø!!


 No kan vi gå opp på låvetaket vårt, så då kan vi sei oss fornøgde med snøhøgda!
Ved Gamleskulen, grenda sitt festlokale, sjå: berre pynten stikk opp på porten!!
Ved fellesfjøsen tok dei gravemaskin i bruk, for å få snøen vekk frå glasa...

Sola skin i høgda og i nabolaget, berre nokre dagar til vi får den att her  i tunet vårt ...

søndag 21. desember 2014

JULESNØEN


    So vart vi velsigna med julesnø.....! Etter lang tid med bar mark og fine vegar var det berre heilt ok.



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...