tirsdag 1. juni 2010

Båtpuss

Ein fin dag ved vatnet, båtane treng litt pussing og tjøre. Trebåtane sprekk opp om våren, og det er mykje arbeid å halde dei, men dei er som ein draum å ro! Bekkeblomen er nyss komen.Ved naustet ligg ein stor stein som bord.





Plastbåten treng berre litt vask.... ja han er lettstelt, men som ein balje å ro! Båten fylgde med på kjøpet av hytta som vart heitande "Blåklokkehuset" Men eit lokalt namn har den... om enn på litt utenlandsk, Vestkapp er berre eit par timar unda.








Her ligg "Bjørkedalsbåten", mest som eit vikingskip, klar til tjørebreing. Dei h a r laga fleire vikingskip der, du kan ofte sjå eit ligg på vatnet der i Bjørkedalen.




Furene ved naustet, som bonden kallar dei "sju søstre" (som fossane ved Geiranger)



Her skulle det ha vore "duft- blogg", lukta av tjøre minner meg om båtpuss ved min barndoms fjord. EU vurderer å forby dette naturproduktet, men stavkyrkjene skal visst få lov å bruke det....



Klar for ny sommarsesong...! I kveld har eg sett ut garnet for første gong i år, frå 1.mai er det lovleg her. Så eg håpar på ørret til middag i morgon, og rabarbrasupa..... då er det sommar!









torsdag 27. mai 2010

Ta av deg skoa....


Så var kroken ved døra ferdig, og det må nok bli litt blomar der.... Men eg er ikkje flink til å vatne det som er ute, så alt under tak tørkar lett ut. Må nok prøve å skjerpe meg med det i år!

Lokalavisa er det alltid stas å kika i, er det noko spennande på gang ??


Tulipanane var seine i år og mange av dei eg planta er små, bleike og puslete... Desse hadde eg gjeve til ei veninne som i k k j e bur så høgt på ein plass der ingen skulle tru.... Der var det nok litt betre overvintring.




Så måtte vi ha ein tur på det lokale gartneriet.... det var kålplantar som stod på lista i dag, men det vart likevel ei søt lita rose.....









onsdag 26. mai 2010

Ein nydeleg dag....

Det har ikkje vore for mange måltid på verandaen endå i år!! Berre nokre få varme dagar har vi fått så langt. Men vi har laga det sommarleg på den nye glasverandaen (under) og ete mange måltid der.

Sviblar i bukett har vi ikkje hatt her i huset før, det er "bygjestene" som kjem til oss med slikt fint. Brukar å ha dei til jul eg, heller smålåtent ein og ein...
Villtulipanane er ikkje kravstore, men dei vil ikkje opne seg heilt utan at dei får litt sol.

Kjærleiksurta, el. løpestikka, er ei frisk og frodig veninne no tidleg på året. Berre eit lite blad skal til for å heve "betasupana" fleire hakk...


Arabis, skrinneblom greier seg, som namnet seier, på skrinn grunn og blømer rikt.


Kvitveisen har ikkje takka for seg heller enno, sidan det har vore så kjøleg. Litt rosa på denne tua. Skal tru om det er jordsmonnet som gjer at den er rosa somme stader?

I dag skal vi halde fram med legging av terrassebord utanfor den nye inngongen. Der vert litt meir å ta tak i etter kvart med stein og sand og heller..... Utedøra er altså berre ei provisorisk dør, vi skal ha ei litt penare! Og tausa har spandert sitjegruppe og lykter i beste landlivstil til å ha der attmed. (Takk for det kjære deg, veit du sjekkar opp bloggen t mamsa...)






tirsdag 25. mai 2010

Nye pusekattar!!

Her er dei nye pusane våre, henta på ein nabogard. Dei har eit par fine skogskattmødrer som delte på å stelle ni småbarn... Her har dei nett installert seg i korga si på kjøkkenet.
Meinar at dette er ei hokatte, namn har ho ikkje fått endå.


Trur dette er ein hannkatt. Men eg har teke feil før!!
På oppdagingsferd i sofaen.... Dei var veldig søte, sant?















Sandalsfossen

Ein liten kveldstur inn til Sandalsfossen no i den fine vårlufta. Det tek ein god halvtime å gå frå garden. Fossen er ca 150 m høg, og med dei vakraste i området, eller i heile Nordfjord...!
Når den er stor er det mest umogeleg å gå heilt attåt, pga så sterk vind og væte frå den.
Spennande terreng her inne.... Her må vi runde fjellet, ser fossen såvidt bakom der. Det er alt mykje fossedrev i lufta, vi blir våte!


Ser oss tilbake langs elva, med kveldsol på fjellet Vora, og klokka er ca 22 på kvelden...
Nett her er ei flate med store steinar, staden heiter då sjølvsagt Storesteinsflata! Sauene våre brukar å beite i hamrane og liene oppe t.v. Der går også den gamle stien til støylen vår. På den guida vi trimgruppa opp i fjor vår, mange var med, og dei tykte det var spektakulert! Ikkje så mange går den vegen lenger, det er langt lettare å gå på andre sida av dalen. Men mindre spennande... Vi må nok rydde meir i den råsa så den ikkje gror att.







fredag 21. mai 2010

Kraftverket

Ein liten kveldstur ilag med bonden som hadde vakt på kraftverket. Elva er stor og brusande no.
Når elva veks opp kjem det gjerne litt rusk som må rakast vekk frå rista.


Her er inntaks-dammen, og vi ser den flotte fossen vår i bakgrunnen.


"Skulpturen" er eit rør frå det gamle kraftverket, ikkje så store dimensjonar som no.....



Her vert straumen til!! Her er to turbiner, og det vert produsert ca 12 gvh. Det er eit stort nedslagsfelt kring brèen, og det er mest vatn om sommaren pga at dette er ei brèelv. Snøen som fall for mange år sidan vert energi!
" D e fafa så laga stømmen!" sa vesle godjenta då ho var tre og hadde sett seg inn i sakene....
Farfar har med seg ti andre eigarar og naboar i kraftverksprosjektet.



torsdag 20. mai 2010

"Reseptionen"




Tilbygget er snart ferdig, og det er jammen bra så vi snart kan få begynnt med vårvinna....!
Har måla glaskarmar og lister i dag, dei profilerte listene vart fine med måling på. Steinflisane er lagde og fuga, tregolvet er klart til å legge.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...