tirsdag 25. mai 2010

Sandalsfossen

Ein liten kveldstur inn til Sandalsfossen no i den fine vårlufta. Det tek ein god halvtime å gå frå garden. Fossen er ca 150 m høg, og med dei vakraste i området, eller i heile Nordfjord...!
Når den er stor er det mest umogeleg å gå heilt attåt, pga så sterk vind og væte frå den.
Spennande terreng her inne.... Her må vi runde fjellet, ser fossen såvidt bakom der. Det er alt mykje fossedrev i lufta, vi blir våte!


Ser oss tilbake langs elva, med kveldsol på fjellet Vora, og klokka er ca 22 på kvelden...
Nett her er ei flate med store steinar, staden heiter då sjølvsagt Storesteinsflata! Sauene våre brukar å beite i hamrane og liene oppe t.v. Der går også den gamle stien til støylen vår. På den guida vi trimgruppa opp i fjor vår, mange var med, og dei tykte det var spektakulert! Ikkje så mange går den vegen lenger, det er langt lettare å gå på andre sida av dalen. Men mindre spennande... Vi må nok rydde meir i den råsa så den ikkje gror att.







fredag 21. mai 2010

Kraftverket

Ein liten kveldstur ilag med bonden som hadde vakt på kraftverket. Elva er stor og brusande no.
Når elva veks opp kjem det gjerne litt rusk som må rakast vekk frå rista.


Her er inntaks-dammen, og vi ser den flotte fossen vår i bakgrunnen.


"Skulpturen" er eit rør frå det gamle kraftverket, ikkje så store dimensjonar som no.....



Her vert straumen til!! Her er to turbiner, og det vert produsert ca 12 gvh. Det er eit stort nedslagsfelt kring brèen, og det er mest vatn om sommaren pga at dette er ei brèelv. Snøen som fall for mange år sidan vert energi!
" D e fafa så laga stømmen!" sa vesle godjenta då ho var tre og hadde sett seg inn i sakene....
Farfar har med seg ti andre eigarar og naboar i kraftverksprosjektet.



torsdag 20. mai 2010

"Reseptionen"




Tilbygget er snart ferdig, og det er jammen bra så vi snart kan få begynnt med vårvinna....!
Har måla glaskarmar og lister i dag, dei profilerte listene vart fine med måling på. Steinflisane er lagde og fuga, tregolvet er klart til å legge.

onsdag 19. mai 2010

Kveldsmat ved Breimsvatnet

Slike vakre kveldar må nytast..... Her er fjellet "Skjorta" i kveldsol.
Og Breimsvatnet glitrar... Vi ser "Veten" og skimtar så vidt husa i Almenningen.

Bonden er snart klar med karbonader på primusen, medan eg solar meg...
Ja, den vesle raude var med også....!





Sauene kosar seg ute i 20 varmegrader!!
















søndag 16. mai 2010

Bunader

Restar etter eit bunadsliv frå Sogn vart pynt på dåpskjolen. Sølja er frå 1800 talet.





Vi er ganske nasjonalistiske i desse dagar.... hurra for 17.mai!!



Svigermor som ung i "nasjonalen" sin. Denne bunaden var i bruk over heile vestlandet før krigen. Seinare kom bunader utarbeidde frå eldre draktmateriale, då vart det mange ulike.


Min barnebunad, omsydd med ny lue, stakk og forkled, til godjenta 17.mai i fjor.


Dokka hennar måtte sjølvsagt også få bunad...


Ha ein kjempefin nasjonaldag!!!





søndag 9. mai 2010

Blomar og historie

Lilja som eg fekk hjå "Damene på tur" har stått så fin og pryda glasverandaen snart ein månad, men no vil den gje seg. Kunne plante den ut som ein staude sa dei og det vil eg prøve. Eg har ei Martagonlilje ute som trivst godt, vonar dette er noko av liknande slag.
I dag feirar ei nabokone heile 90 spreke år, der vert det nok mange blomehelsingar, og sikkert søte kaker til oss! Bildet på bonden sin flotte kalendar syner korleis damer kledde seg til biltur kring 1920...!! (truleg ikkje her frå området...)

Denne blomsterpotta er spesiell for meg.... Ei tante frå nabolaget hadde fått den etter å ha hjelpt til i gravferda til kona her på garden. Kona her var frå austlandet og kom med nye vanar, ho var lærarutdana, bar hatt og ho laga den første prydhagen i dalen. Denne tanta hadde teke godt vare på blomsterpotta, og tenk på 50årsdagen min fekk eg den! Den kom attende til garden....
Så glad eg vart for den!
Ein seier ofte at "pytt det er berre ting", men ting kan bestå og gje liv til minna om dei som var her før oss.
Også litt rart å tenkje på er at eg, som tilfeldigvis skulle bli kone her på garden, vart fødd det året som denne spesielle kona døydde.
Restar etter hennar hage fann vi då vi flytta hit: ho hadde bl.a Akeleier i alle fargar, Storhjelm, Sibirvalmuer og Tusenfryd. Dei er tatt vare på!!

Pelargoniane kjem snart med blomar, berre nattefrosten er over skal dei få flytte ut.









LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...