søndag 29. april 2012

Ved Gloppefjorden

Det var ein nydeleg søndag ved Gloppefjorden! Frå Anda, (ein  halvtimes køyring heimanfrå) ser vi over mot Hestenesøyra.

Det vesle fyrtårnet syner veg inn fjorden til Sandane.



Vi ser Devik. Der er gardane så bratte at dei treng å gjerde hønene inn på berre tre kantar....seiest det!! Firmaet "Høgt og vilt"  (!!) driv urteproduksjon der.


Midt i bildet ligg "Heksesteinen".  På denne idylliske staden vart mange kvinner, og nokre menn, brende som hekser .....

Her er Lotsberg, også høgt og fritt! Midt i bildet bur ei ung dame som vev vakre åklær, medlem i handverkarlaget ARV som eg. Ho har eit fantastisk utsyn frå si vevstove!

Ferja går over til Lote, der E 39 går vidare til Nordfjordeid. Oppe i lia går ein fin gamal veg/sti inn frå Lotsberg til den einbølte høgdegarden Åsen, nett innom billedkanten i himmelsjå.. Der gjekk vi ein gong.

Eit enkelt måltid med lukta av tang og fjord.... mmmm...  og favoritt-tur-koppen frå barndomen!!


På heimveg kan vi sjå "våre" fjell, Vora og Snønipa, heilt bak. Frå denne kanten ser Snønipa mest ut som ein pyramide! Den ligg over 1800 m o h.  Vi køyrde open i dag, men den lille røde fekk visst ikkje bli med på noko bilde denne gongen!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...