mandag 7. november 2011

Potetsortering


I dag ville bonden sortere potetene. Dei har stått i låven og godgjort seg og tørka litt opp etter den våte innhaustinga. No fekk dei rista jorda av seg i den gamle erverdige potetsorteraren, og det var heldigvis berre nokre få rotne å plukke vekk. Vi trudde det var verre etter denne regnsommaren...


Når ein dreg sveiva rundt rister ein potetene framover og dei dett ned alt etter storleiken. Det er tre sorteringar, her ser vi småpotetene kome ut, dei vert nytta til dyrefôr. På andre sida kjem neste års setjepoteter, dei er litt større. I enden festar vi ein jutesekk, der legg matpotetene seg fint oppi. Eg synest dette er ein fin og historisk innretning! Bonden (som veit å ta vare på ting!) har restaurert den etterkvart som delar har blitt dårlege. I dag var arbeidet gjort på eit par timar, sidan vi har berre eit halvt mål potet no, og avlinga ikkje var av dei beste i år. Men  tidlegare, då det vart dyrka mykje potet i Breim, for sal, stod ein gjerne eit par veker med dette arbeidet.

Så no skal vi kosa oss med poteter, får sei kva han vil han Fedon...! Potetsuppe, potetmos, bakte poteter.... mmm, potet er sunn og god mat, som har berga landets befolkning gjennom harde tider!

I åkeren vår er Kerspink, Troll og Blå kongo. Den siste er ein russisk sort, blå tvers gjennom...! Den er artig, den skal eg heller blogge om ein annan gong...


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...