mandag 30. mai 2011

Briksdalsbrèen

Det er alltid kjekt å ta ein tur til Briksdal for å sjå korleis brèen endrar seg. Denne brèen er ganske smal og reagerer difor fort på snømengda oppe på platået. Oppe på brèen kan det gjerne kome 10 meter snø i løpet av ein vinter, og då vil presset tvinge armane framover, slik veks den eller minkar med snømengda. Dei siste åra har den blitt smalare og vatnet framom er igjen synlegt, slik det også var på 70 talet då eg var der for første gong.


Som du ser ligg ikkje Briksdal og Oldedalen så langt frå Myklebustdalen i luftline, men Myklebustbreèn ligg imellom. Det tek litt over ein time med bil frå oss. Også ein liten time å gå opp til brèkanten. Briksdal er ein av dei mest besøkte turist attraksjonane i landet.


I Olden ligg det ofte turistskip, slik også denne søndagen. Det var mange japanesarar å møte på veg til brèen, i ulike vandringsantrekk... alt frå fullt fjellutstyr  til kjole og høghæla sandaler...

Oldenvatnet låg stilt og fint, vi hadde ein pause med middaglaging her.


Den fine grusvegen oppover er god å gå. Før var det hesteskyss her, men etter eit par ulukker med at hesen vart skremd og sprang ut, er det no dei sokalla "Trollbilane" som har tatt over skyssinga av dei som ikkje kan, (eller vil) gå sjølve

Dalen er flott og dramatisk. Her er det råd å få seg ein dusj i det ein passerer brua! Fossen er ikkje på det største  nett no.

Eg synest det lignar på ein trollgubbe som har kasta steinar nedover! (sjå ansiktet i øvste del av utrasinga...) Stien måtte leggast om pga dette raset for eit par år sidan. Kjempestore steinar dundra nedover, heldigvis før turistsesongen tok til. 

Det er ikkje klatring el tur på denne brèarmen lenger, den er for bratt og utrygg no.

Delar av vegen kan ein velje å gå på mindre stiar, her er vi på veg nedatt
 
Det er ein flott stor souvenirbutikk og kafè/restaurant ved parkeringsplassen, dette bildet er frå fjorårsturen, då tausa og sambuaren var med. Eg ser no at vaskedama på kafèen har gløymt bytta si midt på golvet!! 



Utsikt frå kafèen til  fjellpartiet der ein kan kome ned om ein går på beina til Briksdal frå Stardalen, gjennom Oldeskaret. Ein flott tur, med ei spennande og svært bratt nedstigning.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...