lørdag 31. mai 2014

Apalen blømer

Å du vesle kjære apalen vår, som har sådd seg sjølv..... aldri har du vore så vakker som i år!!!!
Du angar so fantastisk at eg drøymer meg vekk til mi barndoms fruktbygd ved Fjorden...




onsdag 21. mai 2014

17. mai 2014

              Ein varm og fin nasjonaldag hadde vi på Årvoll, i godt selskap med vener og familie

      Etter ein kulinarisk spleise-middag, slo Vikatausene t med nydelege små Pavlova`er... mmm..

                                     Tusen takk for den fine dagen seier morfar og mormor :))

onsdag 7. mai 2014

Gamlevegen

Gamlevegen er verkeleg gamal! Den er delar av den første ferdslevegen i dalen, ved vegen lenger ute er funne graver frå folkevandringstida. No går den mellom Sandal og Støyva på Byrkjelo. Frå Fossheim til Myklebust kan ein og finne delar av den. Her er utsynet fint innover dalen.
Langs vegen er det blitt rydda skog dei seinare år. Så fint kan det gjerast! Skjeldan å sjå ein slik fin bjørkeskog. Grethe og Nils R sitt beite.

Dette er lada (låven) på Samel- plassen. Her budde eingong så flinke smedar, at dei stod seg betre på denne vesle plassen, enn bøndene i Sandal med langt større gardar. Eigar no er Roger.
Dei fine fjordhestane til Else kan ein treffe på. Dei ville gjerne gå ilag med oss, så om eg hadde vore aleine var eg ikkje så høg i hatten....! Men dei er veldig snille og veloppdregne.

Om det er vått vert det litt skittent her i vegen av hestetrakk, og før Inste Torheim er eit parti med småbusker i vegen. Frå Inste Torheim og utover mot den andre Torheimsgarden er vegen veldig fin.
Vidare er vegen blitt borte, men ein kan gå oppå muren ein ser på bildet nedom, gjennom tunet til Alv Olav og utover, forbi ei gamal smie og vidare gamlevegen, mot "Støyvabønen".  Vi snudde her denne gongen, for vi skulle sjå om hytta vår, "Blåklokkehuset", som ligg rett nedanfor her.
God tur!!







tirsdag 6. mai 2014

Lokale utgravingar

Der vi har sett opp nytt gjerde (førre innslag) låg tidlegare ein "Gardfjøs",  der kyrne vart mjølka då dei beita i skogen. Murane er nesten heilt nedgrodde, men eg oppedaga nokre flate fine steinar ved sida av muren. Sikkert nedlagde forat det skulle vera tørt kring det vesle fjøset.
Ved eine muren  er ei fordjuping som eg pussa mosen av og laga til ein liten sitjeplass.
Dei store steinane er slette og fint slitne, Gardfjøsen har nok vore i bruk veldig langt attende i tida, så mange budeier har trødd her....  Det er noko spesielt med slike arbeids- og kulturminne synst eg.
Over denne fordjupninga låg tidlegare ei stor dørhelle. Den ligg no som rastebord ved Gamlevegen, på murane etter husmannsplassen på Ospebakken. På Gamlevegen gjekk vi søndag i sola, fleire bilder frå den fine turen her i nærområdet, kjem i neste blogginnslag  :-))

lørdag 3. mai 2014

Vårarbeid

Arbeid med gjerde høyrer våren til! Både bonden og eg tykkjer det er veldig kjekt å vera i skogen. Her er det 50 m gjerde som vert skifta ut og må vera i orden til sauene skal i markja. 
Slettstrengen, som skal bindast fast med streng, under og over, hadde vi diverre gløymt heime, og vi hadde rusta oss ut med niste så vi kunne no ikkje fare heimatt før dagen var omme! Så då vart det tid til litt av det evigvarande arbeidet med rydding av smågraner. Dei frør seg og kjem opp tett i tett...  Om dette skulle få stå, så kom vi ikkje gjennom her om nokre år!

Det vart planta overalt med gran for ca femti år sidan, då var det gode prisar og grana skulle redde vestlandsjordbruket. I alle bygder hadde skuleungane plantedagar, det vart ofte lange og tunge "naturfagtimar", knapt lovleg i dag....!

onsdag 30. april 2014

Vedlikehald... igjen og igjen

Det har vore eit flott vêr til å måle glaskarmar i!  Når glasa er kobla og dei var umåla inne,er det eit ganske seint og pirkete arbeid....! Då Jennyhytta vart påbygd og restaurert sist på nittitalet, fekk ein  ikkje kjøpt ferdigmåla karmar, og så var det jo så koseleg hyttestemning med trekvitt, i søkk og kav...... Lause sprossar er enklare å måle, men fy for noko drit å halde reint. Støttar "Sprossa" der!  
Her er siste glasa måla inni, puh! Veggen var blitt ganske matt og fekk eit nytt strøk den også, bonden er rask med målarkosten! No er nytt tak også kome på, så det kjem seg.

Legg til bildetekst
Utsikta mot Eggenipa og Vora er fin, og vi har kosa oss med niste i sola. Ein del meir arbeid står att både ute og inne, men no vert det vel å jobbe heime på garden ei stund. Med både ved og våronn.

Legg til bildetekst

mandag 14. april 2014

GOD PÅSKE

Her er rosene frå morsdagen, dei stod til dei vart heilt tørre...! Gåsungane (eller " palmekattane" som dei faktisk heiter her i Breim...!) plukka eg ganske tidleg i vår og let dei stå utan vatn. Dei held seg slik. Utsprottne gule gåsungar er nydeleg ute, og på bilde, men ikkje inne i huset... 
til det er desse betre.
På garden er dei fleste påskegjestene komne no, det er så kjekt. I natt har det endåtil kome snø!
GOD PÅSKE TIL ALLE


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...