lørdag 28. mai 2016

Kveldstur på støylsråsa

 Eg måtte nett opp å sjå den nye brua over Timra, etter rekkverket kom på. No er det blitt traktorveg opp til brua. Bonden går over på sin måte, litt tungvindt spør du meg.... eller er det eldretrim??

 Når vi først var på kveldstur måtte vi jo gå eit stykke til... søte fiolar og blåbærbløminga tegnar godt.

                             Det stig oppover og snart ser vi attende til Sandalsvatnet og garden vår


              Ved brua i Kleiva. Eg har altså ikkje handveske på skogstur, men ny flott camerabag....!!

  Vi er komt på høgde med fossen og kveldssola skin framleis. Men det tek til å bli kjøleg i høgda så på "Hestegarden" snur vi heimover.Der var verken lyng eller lauv utsprotte endå. Eg måtte berre nett sitja litt på krokabjørka, kvileplassen ved råsa...

         Og veldig kjekt å ha med ein kavaler som kan halda den store steinen mens eg går forbi...!!

onsdag 11. mai 2016

Sandal ein vakker vårkveld, mai 2016

 Etter ein varm dag, med 25 +grader, var det fint med ein skogstur for å sjekke gjerde og led

                            Sola var i ferd med å gå ned, ca kl 20,30 då vi gjekk oppover i beitet


mandag 25. april 2016

Folkedrakt

 I ei "plaggøsje" som eg nyleg arva frå mi tante, fannst desse skattane frå mi grandtante....!! Ho var frå Målsnes ved Balestrand, var flink å ta vare på gamalt handverk, så dette er nok derifrå.
 
 Dette bringeduken høyrer til Sognebunaden frå gamalt, og er i slekt med kvarden som eg har nede på min stakk. Denne er så fin og lite sliten, så eg vil ordne den til for å bruke den. Bringeduk høyrer ofte til på dei rekonstruerte Songnedraktene. Dette gamle, noko slitne brokadelivet var også i øsja.


 Perler på bringeduken har også vore brukt, desse to er heilt fine og skal nok bli brukte av småjentene i familien om ikkje så lenge... Barneluene er nok dåpsluer, slike fargerike luer gjekk vekk då dei kvite dåpskjolane kom i bruk på 1900 talet. Raudt var den fargen som best kunne verne mot alt vondt.... Skulle gjerne visst at dette fannst i slekta då mine born/ barnebarn vart døypte!! Fargerik dåpspynt sydde eg til dei yngste barnebarna (sjå annan stad på bloggen) til å ha attåt kvit kjole.


 Er litt usikker om dette er dåpsluer eller vanlege luer med pynt. Pynten finn vi att på bunaden, så dei høyrer i alle fall heime i Sogn. Kant av fløyel, elles ull.


onsdag 24. februar 2016

Gamle dokker

Her er Anna frå 1888 og Kjellaug frå 1931 Eg har kalla dei oppatt etter eigarane... Anna frå mi grandtante, kjøpt i Bergen då ho var ti år og fekk vera med faren på jekta ut Sognefjorden og til byen. Kjellaug fekk mi tante då ho var sju. Det er ei heil historie om korleis den dokka endeleg vart hennar, då ho angjeveleg var for stor til å leike med dokker...!! (sju år!) No er begge nyrestaurerte og klar for å sitja på utstilling i museet mitt. Det er blitt mi oppgåve å ta vare på mykje gamalt frå slekta, og det set eg stor pris på!!

                                                                                           Anna sine selloloydarmar var så sprø at ein gjekk av, og ho måtte bandasjerast på "Hospitalet"



Men Kjellaug får seg Sognebunad! Stoffet til livet er ein liten brokaderest etter bunaden til ho som eigde dokka!! Og borden på forkledet er tyllbroderi frå grandtante Anna sine handarbeid...

På Anna hadde ein del av sageflisen inni runne ut, så ho var blitt veldig tynn stakkar. Her får ho litt spenstig fyllmasse inn under huda, og vert mykje meir frodig!
Nokre sting fekk ho i magen, men sjå ho tek det tappert!
Beina hadde og misst litt innhald og var modne for ei restaurering. Så fekk ho blonder på underbuksa,  og dei er hekla av grandtanta sjølv...

Mi eiga Sove-dokke-Lise frå 1955 må også få vera med i det gode selskap! Ho trong berre å få vaska garderoben sin, nokre år sidan sist... ein blir litt støvete av å sitja på stas oppå eit skåp! Så her sit ho no berre og slappar av og ventar på st kleda skal bli tørre og strokne...
Sjå den!! Fin ho også, sant??

fredag 19. februar 2016

60 tals

Vi har fått to "nye" gamle stolar...!
Dei passar perfekt inn i vårt kjøken frå 1969, som forresten har fått att sin første lysegrøne farge..... etter å ha hatt diverse blåfargar opp gjennom tida!
Stolane var i bruk på 60 talet, men hadde blitt ødelagde og var nedgraderte til å bli brukte til å stå på når veggar skulle målast. Dei såg ut deretter... Men etter å ha blitt pussa og fått nytt trekk kom dei inn i varmen igjen, bokstaveleg tala! Eit anna pluss er at dei er mykje betre å sitja på enn dei meir moderne som vi hadde. 


tirsdag 19. januar 2016

Alltid vemodig...

Då er jula ugjennkalleleg forbi i år også, like vemodig kvart år for dei som elskar jul! Her er nokre av dei gamlaste glaskulene og lekkjene, frå besteforeldra våre. Og eit par tre nye av året.                  Sola er i kjømda og den må ikkje skine på juletreet, så vi rakk det også i år! Det kom så mykje snø her no at litt av utelysa heng endå, men det er lova mildvêr til helga, så då må det nok vekk, det og.                          

Sølvsvana, kjend frå ei slottslegende i Østerrike, hadde småjentene kjøpt til farfar då dei besøkte dette slottet. Ho har ei ekte svanefjør bak, og dei visste at han ville bli glad for den! Den må vi alltid passe godt på....




Bilen kom frå julemarkedet i Lübeck, ei dame på tur dit visste at bonden lika både gamle bilar og glaskuler...!! No har den vore på treet to gonger og er blitt pakka ned i silkepapir den også....

torsdag 7. januar 2016

Besøk gjerne Live`s Kafè

Vertinna ynskjer velkommen!!
 er
"Dagens rett"
Kjøkenet har godt ry, og er, som du ser, velutstyrt
Ekstra tilbod for små gjester, dei modige av dei...!
Mattilsynet har godkjent....
Veldig kortreist is til dessert. Denne kafèen kan anbefalast, her er kjempegod service ***

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...