| Når ein først er begynnt å måle, er det ymse ting som får vera med i dragsuget!! Bordet som vi hadde på mitt barndoms kjøken, for ex. |
søndag 17. mars 2013
Fornying
fredag 15. mars 2013
Rein nyting
So har badet blitt ferdig...! Då både skåpa og veggane vart kvite, ville vi (eg) behalde litt av det gule, og no kunne det bli knall sitrongult :)) sidan det vart berre ein liten del av rommet, attmed døra.
.
| Fram med alle sukkertøyfarga handdukar ....!! og litt vårleg stemning. |
tirsdag 5. mars 2013
Time for tea
| Inspirert av eit nydeleg blogginnslag 1. mars, på min favorittblogg "Bratte Bakka og Grøne Lier" fekk eg òg lyst til å syne den gamle engelske Sadler tekanna mi. Den er også nummerert og merka, og er i "perlemorsporselen", dersom det er noko som heiter det!! Det syner på det nedarste bildet at den skimrar så vakkert i forskjellige fargar. Ganske like er desse to i fasongen, kanskje med same designar?? hekta på gull....! Litt meir gull i " bratte bakkar" enn vi har her på garden då men.... Eg er gamal " lilla-skaut- handverkar" :) då te var det einaste rette, og har berre kome i vane med det. Eg likar at kanna er full av rykande varm sterk te! Treng ikkje alltid vera svart te, gjerne heilt utan teblad: nysprotte (evt.tørka) bjørkelauv t.d. Den luktar herleg "17.mai.duft", og er god med litt honning i. Det er så koseleg med ei tekanne, om du ikkje likar te, så fyll oppi kokande friskpressa eplesaft av typen du kan kjøpe på bondens marked t.d. Ha ein fin bolle med fløytekrem attåt, til kremdott oppå :) koz for store og små! |
søndag 3. mars 2013
Nytt trappeteppe på plass
| Veldig praktisk teppe denne gongen, slepp nesten å støvsuge! |
torsdag 28. februar 2013
Endeleg eit lite PIP frå dalen...
tirsdag 11. desember 2012
God Jul 2012
| Feriehusa Håja, Annestova og Nystova, i snø og sol, sist i oktober. |
| Bustadhuset på garden. Velkomen til Sandal Gardsturisme! |
| God jul til alle som ser innom bloggen min! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)
