| Inspirert av eit nydeleg blogginnslag 1. mars, på min favorittblogg "Bratte Bakka og Grøne Lier" fekk eg òg lyst til å syne den gamle engelske Sadler tekanna mi. Den er også nummerert og merka, og er i "perlemorsporselen", dersom det er noko som heiter det!! Det syner på det nedarste bildet at den skimrar så vakkert i forskjellige fargar. Ganske like er desse to i fasongen, kanskje med same designar?? hekta på gull....! Litt meir gull i " bratte bakkar" enn vi har her på garden då men.... Eg er gamal " lilla-skaut- handverkar" :) då te var det einaste rette, og har berre kome i vane med det. Eg likar at kanna er full av rykande varm sterk te! Treng ikkje alltid vera svart te, gjerne heilt utan teblad: nysprotte (evt.tørka) bjørkelauv t.d. Den luktar herleg "17.mai.duft", og er god med litt honning i. Det er så koseleg med ei tekanne, om du ikkje likar te, så fyll oppi kokande friskpressa eplesaft av typen du kan kjøpe på bondens marked t.d. Ha ein fin bolle med fløytekrem attåt, til kremdott oppå :) koz for store og små! |
tirsdag 5. mars 2013
Time for tea
søndag 3. mars 2013
Nytt trappeteppe på plass
| Veldig praktisk teppe denne gongen, slepp nesten å støvsuge! |
torsdag 28. februar 2013
Endeleg eit lite PIP frå dalen...
tirsdag 11. desember 2012
God Jul 2012
| Feriehusa Håja, Annestova og Nystova, i snø og sol, sist i oktober. |
| Bustadhuset på garden. Velkomen til Sandal Gardsturisme! |
| God jul til alle som ser innom bloggen min! |
lørdag 10. november 2012
Handverkarlaget ARV
| Annemieke spinn på den nye rokken sin.....! Ull frå spælsau blanda med lin m.a. gjev nydeleg garn. |
| Oddlaug sine spennande vevarbeid, med lin og plast! |
| Smettvev frå Anne Britt si hand, kaketine laga av Olav og måla av Aud |
![]() |
| Anne Britt sin vev, kaketine og bolle måla av Aud |
![]() |
| Nordfjordbunad sydd av Liv Tone |
![]() |
| Anne Britt vev sitt eige øyrepynt....!! |
| Ullkunst frå Annemieke |
| Aud si måling
ARV held til i Nordfjord, dei fleste medlemane bur i Gloppen kommune. Vi har felles marknadsføring, sjå gjerne nettsida www.arv.no , for nærare omtale av den enkelte. Vi har eit sosialt samvær og deltek gjerne på div. utstillingar/aktivitetar ilag. Elles arbeider vi kvar for oss.
I den koselege butikken "Hyggeliv" på Sandane, kan du imellom anna morsomt og fint, finne Annemieke og Oddlaug sine arbeid.
|
tirsdag 30. oktober 2012
Vinter i oktober
Sandal gamle skule
Reiatunet, Dåvetunet og Nilstunet
Det første skulehuset i dalen, no feriehytte.
Reiatunet
"Auds feriehus"
Litt kaldt so tidleg,,,
Abonner på:
Innlegg (Atom)


.jpg)

.jpg)