Det var tre profesjonelle skodespelarar: Mikkel Gaup, Roger Hilleren og Idunn Losnegård attat amatørane frå Stadtlandet, som alle var svært gode i sine rollar.
I strålande vêr siste helga i mai kom nær 900 menneske til Dragseidet for å sjå spelet. Og ingen gong før har spelet vorte synt i so godt vêr vart det fortalt oss. Heldige vi, ei stor oppleving...!!!
I vikingetunet var folk opptekne med ymse gjeremål, her fekk vi mellom anna smaka kjøtsupa med "sauehaud", og eg våga meg til å smake eit geiteauga, det smaka som anna fårikålkjøt, godt altso!
I Kaupangen var ymse varer ein kunne byta til seg, og blide jenter!
Her møtte vi jammen eit par som vi kjende frå før, til vanleg aktive i turistnæringa i Selje...!
Befolkningen i nærområdet stillte godt opp, nærare 100 personar var med. Takk for ein flott dag!!!