torsdag 23. oktober 2014

NY VETERANTRAKTOR

På Finn.no hadde bonden sett denne traktoren for sal, Mc.Cormick 1964 modell, veldig lite brukt. Vi hadde nett maken, også 1964 modell, den var heilt utsliten no. Mange redskap hadde vi for denne vesle lette traktoren, og sidan seljaren faktisk var her i kommunen, slo vi til. Bonden har nyleg feira dag, så det vart ei super gåve til ein super mann, frå konemor!!

Raud og fin i lakken, og heilt i orden på alle vis!!!

Den kom godt stroppa på ein stor bilhengar.

Seljaren reknar med at det går fint når bonden køyrer den utav hengaren. Han hadde køyrt den ein liten tur før på dagen, og var begeistra! Etter den kom til gards har den no vore med på diverse arbeid og har skikka seg riktig godt!!

Her er då den gamle slitaren som seier takk for seg no. Den måtte vi slepe igong med den større raude, du ser han svettar olje og er heilt sliten på skjermane, rattet var slite heilt ned på metallet.... 50 år i teneste! Vi kjøpte den brukt då vi tok til her på garden først på 70 åra. Berre setet, som er bra nytt, har vi flytt over på den no nyankomne.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...