Her var det sommar og grilling. Potetsalaten er blålilla! Potetsorten Blå Kongo fekk eg hjå ein nabo, som igjen hadde fått den frå Fitjar. Dit hadde den kome med ein båt frå Russland. Nokon stor produksjon har det ikkje vorte her, men eg tykkjer det er artig å servere denne poteta! Smaken er som ei vanleg potet.
Slik ser poteta ut, ganske mørk og vanskeleg å finna igjen i åkeren!! Skrelt ser den flekkete ut, men kokt er den heilt blålilla.
I går hadde vi spekesild til middag, og ein slik fargeklatt gjer seg på tallerken, ilag med kål/gulrot stappe og rødbetar!
Kan og friska opp ein litt fargelaus fiske-suppetallerken...