søndag 29. september 2013

MÅLØY


Eg likar å syne fram det fine fylket vårt, men oftast vert det inni landet vi held oss.
 Men her er Måløy, byen i Sogn og Fjordane!!! Vakker ligg den der, lunt på innsida av øya.
 For første gong kom vi hit med ferja, frå Oldeide, ei flott oppleving i nydeleg septembervêr.
. Til vanleg kjem vi over brua, som er eit landemerke for seg. 



 I Måløy er det `eit must` å ete fiskesuppe, og den var god som vanleg. Men aldri før har vi sete ute her på kaia i så stilt vêr!! Ikkje ein vindpust og varmt var det også....!
Måtte så klart shoppe litt sidan vi var på tur, så det vart litt både for auge og gane ;))







onsdag 25. september 2013

HORNELEN OG BERLEPORTEN


                  

Hornelen, 890 m, er ei majestetisk klippe på kysten, og eit berykta heksefjell!! "Ein kvileplass for heksene på høgste havklippa i Europa"  står det i boka Opptur Sogn og Fjordane.

Det er to kjende ruter om du vil gå dit opp:
enten frå Hunskår ved Skatestraumen, eller frå Lisete i Berle.
Frå sjøsida ser det umogeleg ut, men det er sagt at Olav Trygvason kom seg opp der, og den kjende fjellpioneren Kristian Bing klatra der i 1897, saman med den lokal bonden Anders Jeremiassen.


Vi prøvde så vidt den nye flotte vegen gjennom Bortne, der er ny tunell no, så ein  kan koma
lettare til kommunesenteret Svelgen. Bildet over er tatt ved butikken i Leirgulen, så idyllisk der.
Etterpå valde vi Berleporten!!!
Komen der igjennom opna det seg eit nydeleg bilde, ein smal liten fjordarm  med ein smal liten veg ikring. Du kan køyre  ut mot Berle, og lenger, eller på andre sida mot Berleneset.
Der er romantiske stabbesteinar langs fjorden, men fast dekke på vegen.


Her ser vi over mot Berleneset og foten av Hornelen t.v. i bildet, der stien går opp frå Lisete.
Ynskjer å gå dit opp ein gong....!


mandag 23. september 2013

Kalvåg


 


 Nokre fantastisk flotte dagar hadde vi på kysten denne veka!
Knuteholmen i Kalvåg, var ein verdig vinnar av reiselivsprisen for fylket vårt.
GRATULERER!!
 Eit "hotell" som består i mange forskjellige restaurerte bygg kringom den vesle vågen,
 vi budde i den gamle sparebanken!
 

tirsdag 17. september 2013

SEINSOMMAR


 Bringebær i september!!  
Desse er ekstra søte og kjempego`, den gamle sorten som er litt større enn dei ville.
Dei har vore på garden i alle år, og får bli her! Lurer på om dei heiter Asker....?

Kuletistel er ei takknemleg staude, stor og frodig, no omlag avblomstra


søndag 15. september 2013

Myklandstøylen

Eg tok mine franske stamgjester med til Myklandstøylen. Dei har feriert hjå oss kvart år dei siste 12 år....! og har sett det meste i bygdene kringom her, men på denne flotte geitestøylen hadde dei ikkje vore før.  Didier, som er vand i Paris sine gater, synst støylslivet her og geitene var fasinerande .

Vi fekk sjå inn i Bergfrid sitt sel, og prate med dei tøffe ungdomane som var "budeier" den helga. Etterpå bar det til Kandal Kjøtt, framme i bygda, der vi møtte Magni og fekk omvisning i produksjonslokalet deira. Vi fann  grill ribbe, indrefilet, dampepølser og spekekjøt, alt av geit. Ei ny matoppleving som dei franske, svært matinteresserte, sette umåteleg pris på. Ein kjempeflott dag!

Regards to Bernadette, Didier and grandchilds, because I know you like to visit my blog :))




torsdag 12. september 2013

F J O R D I D Y L L


 Vi var så heldig å få servert eplekake i denne idyllen ved Nordfjorden. Tusen takk til eplebøndene!!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...