torsdag 8. juli 2010

Slåttonn på 1-2-3

Så herleg å sjå unggutane nærast leike seg med dei store traktorane og maskinene! Alt var verkeleg ikkje betre før...


Men likevel litt rart for bonden og meg at slåtten kan pågå medan vi tek ettermiddagskaffien....

(Vi held på å målar huset, du ser på verandarekkverket at det er på høge tid!)





Då vi starta opp her på garden først i 70 åra bruka vi mest heile sommaren på å få graset i hus. Inviterte slekt og vener til slåtte- "ferie"! Dei let seg lure og var med å la inn i siloen med gaffel.... og stål i bein og arme! ( eller helst litt verkande armar...) Og vi hesja lange hesjar med leikande småungar kring føtene....

Innkøyring av høyet var jo det kjekkaste for ungane, sitje på lasset og å få hoppe i det mjuke høyet.


På 80 talet bygde vi store siloar og tykte det var ein draum å få slåtten unda på 2-3 veker. Vi trong ikkje vera i siloen å jamne før på sisten, og eg kunne ordne i grønnsakhagen mellom innheisinga av kvart lass. No tek slåttonna høgst to dagar...!


Jau, vi har litt i tillegg, må prøve spenninga med kverving (tørke flatt i varmt vêr) eller hesje pittelitt, berre slik for morro skuld, og for å få litt høy i låven.


Og grønsakhagen..? Nei, den trur eg ikkje eg skal legge ut på bloggen, for å sei det sånn ..... ikkje endå i alle fall!








Smårøvarane øver seg...

I stolen ved den nye inngangen slappar dei unge turistvertane av....
Slappar veldig godt av....!

Hallo, kjem det nokon??

Veit ikkje om eg orkar å stå opp..... Du Måns får ta deg av desse!


Ok... Hei og velkomen til gards!!









tirsdag 6. juli 2010

Jonsokfeiring i Sandal





















Sommaren fyk so fort avstad! Det er snart to veker sidan Jonsok..... kanskje på tide å legge ut nokre bilder frå den vakre kvelden! Dagen var fyllt av varme og sol, berre ein liten solgangsbris gjorde at jakkene måtte på.







Nesten midnattsol på brèen.... I lag med naboar, slekt og vener vart det ein koseleg kveld !

Her er ein som veit å sjarmere gammaltanta!!

Kveldens minste deltakar, berre to veker gamal...


Småjentene fann kvarandre




"Æ finn sju blomsta te å ligg me` sjø" Ho hadde fått med seg noko der, om blomar under hovudputa på midtsommarnatta!




Bålet vert kveikt





Vi ser fossen i bakgrunnen






Her er bålet mest brennt ned men sommarnatta er lys.
Takk til deg som tok bildet av meg og tausa!











søndag 4. juli 2010

Herlege høgsommar!


Allium


Raud Jonsokblom



"Mest vanleg"- Rododendron


Dei kjære akeleiene....


Kjenn syren dufta...




Den villege alpeklematisen


Du ser at akeleiene dukkar opp over alt.... men eg vert aldri lei dei!






fredag 2. juli 2010

"Førs" ein spesiell stad


Der finnst bl.a. ein idyllisk plass, ei lita flate med store nednava almetre... Almeblad og tunne greiner var eit næringsrikt for til husdyra, tørka og gøymt til vinterbruk. Almebork vart også blanda i matmjølet for å dryge det, kalla "barkebrød". Mykje fiber!!

Til " Førs" tek ein av frå E39 der det står eit skilt til Breimsvatn, mellom Skei og Klakegg. Ein smal fin veg fører ned til den vesle grenda som tidlegare høyrde til Breim, no Jølster.

Paulsvatnet ligg nedom garden Paulen, som her speglar seg i vatnet. Namnet er kjent pga den store spelemannen Moses Paulen som budde her. Kring Paulsvatnet går ein merka sti, ein flott liten tur.
Dei store almane er majestetiske og stammane er holete og rare.




Sjå så smart, halve taket er den store steinen!
Fjella er ville og dramatiske, dette gjev ein litt mørk og trolsk stemning i dalen. Fleire stader er urder med "stener så store som domkirker", som Henrik Ibsen skreiv, etter å ha reist på den Trondhjemske Postvei som går her og vidare på Breimsvatnet til Reed.


Der vegen stoppar, heilt nede ved vatnet er laga så fint til med mange bord og benkar i stein. Her fann vi også eit spesialhol til tekanna vår!! Dette var endestaden for båtruta på Breimsvatnet, som no diverre er historie. Her feira eg 50års dagen min, gjester på "chartertur" med båten og måltid her ved steinborda. Eit kjekt minne!
Samstundes med te og natronkaker såg vi på kveldsskiftet til arbeidarane ved kraftverket som vert bygd her. Eit stort prosjekt med veg og røyrgate i same tunellen. Ei kjærkoma inntekt til dei små gardane, og elva vert likevel godt synleg. Landskapet her nede ved vatnet vert halde ope ved geitehald.









Olavstake


Ein liten, for meg ukjend, blome, fekk eg glede av å sjå på ein tur ilag med styret i sogelaget.
Olavstake veks i varm fureskog, opp frå Gloppefjorden. Den lignar ei skogstjerne, men blomen er ikkje så opprett, den bøyer seg litt sjenert... og blada er rundare.

I floraen kan eg sjå at den tilhøyrer vintergrønn- og fjellprydfamilien.

Her vaks den i selskap med skogsfiol.

Eit nydeleg og frodig skogområde med furer og varmekjære lauvtre.

Stor takk til "sørstrandsjentene" for ein fantastisk dag med tur og kjempegod mat på den koselege hytta :o))






LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...