fredag 30. april 2010

Sol og bløming og ei humle på jobb...

Vi beskar epletreet vårt i dag, ja i hagen har vi berre eit! Det har faktisk sådd seg sjølv, så det er veldig hardført og ein heilt eigen sort.... "Reia-eple" etter tun namnet vårt (Reia-tunet, frå namnet Reiel). Vi et mykje eple bonden og eg, kjøper mengder av Gravenstein ved Gloppefjorden. Vi tek eit eple kvar gong vi går forbi lageret i kjellaren... Epleskrotten vert kasta i næraste bed, og der har ein kjerne slått rot. Treet trivst så godt, men har vakse seg noko skeivt, så no måtte saga fram! Det vart ikkje særleg pent etter skjeringa, så det blei slett ikkje fotografert...Eg prøvde samstundes eit lite eksperiment, å poda inn nokre kvister frå eit gamalt Transparante, ( verdens beste sommareple) som vi har oppi beitet, vi får no sjå korleis d e t går.

Det vart derimot litt tid til å foreviga krokusen før den blømer av! Den har stått lenge i år, sidan det har vore så kjøleg. Og jamen kom det ikkje ei lita, lubba og arbeidsam humlekone forbi i sin travle arbeidsdag!













Eit loppefunn...!

Sjå slik eit herleg funn vi gjorde! Og det passa perfekt i vårt 60 tals kjøken....
No er det tidleg morgon, men sola skin alt og det vert ein fin dag for å jobbe ute.

60 tals lampe

Ei stileg lampe som bonden vart sååå glad for! Av dei med ekte plastband-skjerm...! Ei veninne hadde den i skåpet etter gamlefolket på garden. Den såg heilt ubrukt ut, og det var den gjerne òg, for den hadde tydelegvis slutta å virka. Men når han som ikkje har ti tommeltottar fekk skrudd litt på den, så vart det lys!!!


onsdag 28. april 2010

Tilbake til 50/ 60 talet...!




Her er det berre stemma til Elvis med "love me tender" som manglar......! Her i jukebox-stova har eg og bonden min samla ein del saker og ting frå eigen ungdom, her kan vi mimre litt og gjerne ta oss "ein flat ein" på laurdagskvelden. Men ungdomane våre trivst her også, spesielt oskefisen då, som er begeistra for denne tidsepoken. Som tiåring sukka han: Å eg skulle ynskje eg levde på 50talet! Men det var nok helst dei flotte amerikanske bilane han tenkte på då....






tirsdag 27. april 2010

Lammingstid....!

Eit heilt nyfødd spæl-lam, dei er sååå søte, fine og krølla i ulla, nett som eit slikt Jesuslam som vi fekk bilete av på søndagskulen i gamle dage.....



Etter å ha bruka brun vær i fleire år lukkast det endeleg å få brune sau-lam.....! heile tre stykker har vi fått, forutan nokre svarte. Det er vanskeleg med den viltfargen, begge foreldrene må ha den i genene. Værene våre heiter alltid Elvis, etternamnet kjem frå der vi har kjøpt den. Det var genene til Elvis Skinlo som slo igjennom no endeleg...!

Spælsauene er så flinke, dei er av den opphavelege rasen, ikkje kryssa, så dei har behelde dei viktige eigenskapane med å føde lett og med å passe godt på lamma sine. Det er vanskeleg å lure eit framandt lam innunder ein slik sau, dei veit godt kva som er sine eigne!! Veit du kvifor det heiter "spæl" sau? Spæl er det gamalnorske ordet for ein heilt kort hale, slik denne sauen har. Sauen er hardfør, liten og lett på foten, kliv som ei geit i fjellet. Ulla er spesiell med både mjuk botnull (fin til strikking) og dekkull som er sterk og glansfull ( egnar seg i vevnader) Dei gamle vikingane bruka dekk- ulla til spinning og veving av seglet til skipa sine. Det gjekk med ull frå 400 sauer til eit segl! Segla til vikingeskipa var store og sauene små.

Kjøtet er også spesielt godt, magert, men så smakfullt... nydeleg. At det beitar sauer rundtom er viktigare enn mange trur, dei held ved like kulturlandskapet vårt, så Vestlandet kan få syne seg fram!


torsdag 22. april 2010

Stove interiør

Måneskinslampa er frå Italia og ikkje gamal. Vi leitar på nettet etter ei gamal måneskinslampe til Glasverandaen, men dei kostar flesk visst dei er feilfrie. Skåpet bak er kjøpt på vår lokale antikk og rarietetar. Duken er ei gåve frå Romania, litt internasjonalt her i utkanten!
Takk til ei veninne for den gule Bromelia til min jebbus!


Så er sjeselongen på plass igjen der vi hadde den for lenge sidan, og blomesofaen har flytta ut på glasverandaen. Den toler betre sola.




Duken frå Oman er nesten litt bunadsaktig, ikkje rart at utanlandske motar vart teken opp i dei norske bunadane også. På vestlandet var det nok ein del kontakt sjøvegen sørover, og fine band og perler fekk pryda både brudepynt og bunader her i fjordlandet. ( Å no fekk eg lyst å blogge litt om bunader... men det får eg ta att fram mot 17 mai...!)

onsdag 21. april 2010

Den rette innredninga...






Glasverandaen har endeleg funne si rette form! Den gamle arve-sjeselongen som vi hadde plassert der har måtta vike for blomesofaen frå åttitalet! Det vart lettare og meir sommarleg.


Så fekk sjeselongen tilbake den plassen den hadde for fleire år sidan, saman med plysjen ( som bonden også trekte om sjølv, faktisk til oskefisen sin dåp i 1977!! Vi er visst på historisk grunn...)


Hadde ei lita stund der som du ser med Lev landlig, ein kopp te og litt kringle frå jebbusen min i går. Takk til dokke veninder og "damene på tur" som nesten heilt uventa.... kom på besøk. Og for telefonar, facebookmeldingar og sms-ar, det er no veldig rørande å bli hugsa på.....! om det no berre er ein heilt slik ganske vanlege jebbus. Frå godjenta/prinsessa 4år fekk eg i posten ei flott teikning av Minni mus (kanskje heilt utan samanlikning med farmor?) Ho er blitt veldig flink til å teikne.

Ei gåve frå odelsjenta, som var i Oman, kan sjåast på bordet ved plysjen, som ei lita stemning av tusen og ei natt....med gullband og perler og stas.






Jessika, norsk skogskatt



Tellus



Josefine



Fine Josefine er ikkje meir....

Tenk at i påsken mista vi pusen vår, den vart påkøyrd. Så trist, for det var slik ein koseleg og flink pus.... Ferdig oppdratt og påkosta sterilisering og alt. "Stakkar, stakkar farmor som har mista pusen sin" sa godjenta som er 4år, dei var små samstundes dei to.
Så no må vi sjå oss om etter eit par nye kattungar. Men det kan ikkje vere kva som helst, vi er ganske nøye på det! Skogskatt må det vere, vi har hatt fleire av dei, og pene må dei sjølvsagt vere. Både Jessika og sonen Tellus var legender her på garden og begge vart 17 år gamle....

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...